Piz Ela er eit 3 339 meter høgt fjell i Albulafjella i kantonen Graubünden, mellom Bergün og Savognin.

Nest etter Marmolata i Dolomittane er Piz Ela den høgste fjelltoppen av dolomittstein, og såleis det høgste dolomittfjellet i dei sveitsiske alpane.

Fjellhytta Ela-Hütte på 2 252 moh. er vanlegaste utgansgpunktet for ei bestiging av fjelltoppen. Ei oppstiging som langs alle ruter er heller krevjande. Fjellet ligg midt i Parc Ela, ein 600 kvadratkilometer stor naturpark, oppretta i 2006.

Restar av prosauropodar og sauropodar er dei seinare år påvist i bergarten Hauptdolomit. Desse stammar frå slutten av trias og er rundt om kring 210 millionar år gamle.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piz Ela» frå , den 14. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Turskildring med bilete

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden