mini|Diagram frå Johannes Schmidt, 1872. Die Verwandtschaftsverhältnisse der indogermanischen Sprachen. Weimar: H. Böhlau.
Bølgjeteorien for språkendringar blei føreslegen av Johannes Schmidt (1843-1901), i verket Verwandtschaftsverhältnisse der indogermanischen Sprachen frå 1872. Teorien går ut på at språklege innovasjonar spreier seg som bølgjer, ut i alle retningar frå eit sentrum, som vist på figuren til høgre.
Jamføring med stamtreteorien Teorien blei presentert som eit alternativ til stamtreteorien til August Schleicher (1821-1868). Dei nordgermanske (eller nordiske språka) gjev eit godt døme på problema med stamtreteorien. Tradisjonelt har dei nordgermanske språka vore delte i ei vestnordisk og ei austnordisk grein:
Nordgermansk Vestnordisk Islandsk Færøysk Norsk (nynorsk) Austnordisk Svensk Dansk Norsk (bokmål)
Denne inndelinga kan underbyggjast ved ein gamal felles innovasjon i austnordisk, nemleg denne lydendringa:
Urnordisk *ū > austnordisk *ō (i visse hokjønnssubstantiv)
Vestnordisk manglar innovasjonen, jamfør islandsk/ færøysk brú 'bru' og norsk (nynorsk) bru, mot svensk/dansk/norsk (bokmål) bro. Men seinare har det skjedd mange innovasjonar som er felles for norsk (nynorsk), svensk og dansk, norsk (bokmål), til dømes samanfallet i talemålet mellom konjunksjonen og og subjunksjonen å. På dette grunnlaget kan ein setje opp eit alternativt stamtre for nordisk:
Nordgermansk Øynordisk Islandsk Færøysk Fastlandsnordisk Norsk (nynorsk) Svensk Dansk Norsk (bokmål)
Sidan ein kan setje opp to ulike og inkompatible stamtre for nordgermansk, har vi eigentleg vist at stamtreteorien ikkje held i dette tilfellet, og at bølgjeteorien gjev ei betre framstilling av tilhøva. Dei to innovasjonane som er nemnde ovanfor, overlappar kvarandre i norsk (nynorsk).
*