mini|Two Tree Island Two Tree Island er ei øy nordaust for Canvey Island og sørvest for Leigh-on-Sea i Essex i England. Ho er landsfast ved Leigh via ei bru.

Øya vart drenert frå Themsen-estuaret på 1700-talet og nytta som beitemarker fram til 1910, då det vart bygd eit kloakkreinseanlegg her. Frå 1936 vart heile øya nytta som fyllplass. Dette vart seinare redusert til ein liten del av øya i 1974. Den austlege halvdelen av øya er i dag eit naturreservat drive av Essex Wildlife Trust og den vestlege halvdelen er ein park.

Under den andre verdskrigen trefte ein V-2 rakett like utanfor dika på Two Tree Island.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Two Tree Island» frå , den 27. januar 2010.

Bakgrunnsstoff Essex Wildlife Trust om Two Tree Island

Kategori:Øyar i Essex Kategori:Øyar i Themsen