mini|Flyfoto av Brecqhou. Brecqhou (eller Brechou) er ei av Kanaløyane og ein del av fogdesoknet Guernsey. Ho ligg like vest for Sark og har eit areal på kring 0,8 km².

Namn mini|Brecqhou sett frå nordsida av Sark Endinga -hou er funne i namnet på fleire øyar utanfor Normandie og kjem frå det norrøne namnet på holme. Brekka tyder ei klippe.

Geografi mini|venstre|Kart over fogdesoknet Guernsey. Brecqhou er like vest for Sark. Det går eit særs smalt sund mellom Brecqhou og Sark (Le Goulliot Passage), som i følgje segna berre har vorte kryssa ein gong med båt ved flo sjø. I røynda vert passasjen kryssa med småbåtar og fiskebåtar heile året.

Sidan 1993 har Brecqhou høyrd til brørne David og Frederick Barclay, eigarane av avisa The Daily Telegraph.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brecqhou» frå , den 27. januar 2010. oppgav desse kjeldene: Le Dicotentin, Lepelley, Cherbourg 2001, ISBN 2-913920-06-3 BBC Pronouncing Dictionary of British Names (Oxford UP, 1971)

Kategori:Øyar i Kanaløyane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav på Kanaløyane