Talvik (kvensk Talmulahti) er ei bygd og ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark fylke, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden ligg på vestsida av Altafjorden, få kilometer nordvest for Alta by og har . Grunnkrinsen Talvik hadde 452 innbyggjarar i 2006.
Fram til 1917 var Talvik eit senter for pomorhandelen i Vest-Finnmark.
I 1920 vart det statleg finansierte «Talvik tuberkulosehjem og barnekoloni» oppretta. Heimen vart tvangsevakuert i 1944 og brunnen ned av dei tyske okkupantstyrkane. Sjukehuset vart då midlertidig oppført på Mo i Rana, på staden som i dag vert kalla Talvikparken, og pasientane vart overførte dit. Alle husa i Talvik vart sett i brann og brann ned, berre kyrkja stod att.
Sjå også Den tidlegare kommunen Talvik
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Talvik» frå , den 12. november 2009.
Kategori:Busetnader i Alta Kategori:Tettstader i Finnmark Kategori:Bygder i Finnmark