Tsodilo er ein verdsarvstad i Kalahariørkenen, i Ngamiland nordvest i Botswana. Han omfatter fleire tusen bergmåleri og spor etter menneske og menneskeåtferd frå 100 000 år sidan og fram til våre dagar.
mini|venstre|Tsodilo-åsane. mini|venstre|Måleri på bergveggen i Tsodilo.
Tsodiolo-området er rundt 10 km² stort og omfattar over 4 500 måleri. Området blei teke med i UNESCO-verdsarva i 2001.
Åsane er heilage for sanfolk som bur i området, som har mange soger knytte til det. Mytene deira fortel at dei blei skapt av ein pytonslange, som også laga spor i Tsodilo-landskapet. I 2006 fann Sheila Coulson frå Universitetet i Oslo dei eldste kjende spora etter menneskelege ritual i ei åshóle — ein utskoren pytonslange som ho meiner reiskapar har vore ofra til for 70 000 år sidan.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Botswansk geografi Kategori:Botswansk historie Kategori:sørleg afrikansk historie Kategori:Sanfolk Kategori:Kalahari Kategori:Verdsarv i Afrika Kategori:Bergkunst