«My Back Pages» er ein song av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan frå 1964. Songen er stilmessig lik dei tidlegare protestsongane hans med berre Dylan på akustisk gitar. Teksten, og særleg refrenget («Ah, but I was so much older then/I'm younger than that now.») ser ut til å ta avstand frå den tidlegare personlege og politiske idealismen til Dylan.
Bakgrunn
Ingen av songane på Another Side skal ha uroa venene til Dylan frå den tidlege visesongrørsla meir enn «My Back Pages». I følgje Mike Marquesee: «det melodiøse refrenget må vere eit av dei mest lyriske uttrykka for politisk fråfall som nokon gong er skrive. Det er ei avsverging i alle tydingar av ordet».
Andre er derimot ikkje heilt samde med tolkinga til Marquesee og ser i staden for endringa i filosofien til Dylan som ein sakte overgang, særleg med tanke på at Dylan framleis spelte mange av dei tidlege songane sine etter han hadde laga «My Back Pages».
The Byrds-utgåva
«My Back Pages» vart gjeven ut som singel av det amerikanske rockebandet The Byrds den 13. mars 1967 på Columbia Records. Songen var òg på det fjerde albumet til bandet, Younger Than Yesterday, som kom ut i februar 1967. Singelen nådde 30. plass på Billboard-lista,, men nådde ikkje lista i Storbritannia. Singelen var den siste til The Byrds som nådde Topp 40 i USA.
Andre utgåver Songen har vorte spelt av mange andre artistar,, som The Ramones, Po!, The Hollies, The Nice, Eric Johnson, The Box Tops, Carl Verheyen, Marshall Crenshaw, Keith Jarrett, Steve Earle og *64.
Ei konsertutgåve vart spelt av Bob Dylan, Eric Clapton, George Harrison, Neil Young, Roger McGuinn og Tom Petty på Dylan si 30-årsfeiring som artist i New York City i oktober 1992.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «My Back Pages» frå , den 19. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Byrds-songar Kategori:Ramones-songar Kategori:Eric Johnson-songar Kategori:Songar produserte av Gary Usher Kategori:The Hollies-songar Kategori:Hugo Montenegro-songar Kategori:The Nice-songar Kategori:Joan Osborne-songar Kategori:Jackson Browne-songar Kategori:Steve Earle-songar Kategori:America-songar