mini|Inngangen til Helse- og omsorgsdepartementet m.fl. i Oslo

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har ansvaret for helsepolitikk, folkehelse, alkohol- og narkotikapolitikk, helsetenester og helselovgjeving i Noreg. Departementet skal syte for at folket får gode og likeverdige helsetenester, uavhengig av bustad og økonomi, og bidra til å fremme god folkehelse.

Helsedepartementet har sju avdelingar: Folkehelseavdelinga Spesialisthelsetenesteavdelinga Eigaravdelinga Helserettsavdelinga Kommunetenesteavdelinga Administrasjonsavdelinga Budsjett- og økonomiavdelinga

Politisk leiing Jan Christian Vestre (Ap) er frå 2024 statsråd og leiar for Helse- og omsorgsdepartementet.

Statsråden for Helse- og omsorgsdepartementet vert bistått av statssekretærar og politisk rådgjevar.

Underliggande etatar Nasjonalt folkehelseinstitutt Helsedirektoratet Statens helsetilsyn Statens institutt for rusmiddelforsking Statens legemiddelverk Statens strålevern Norsk pasientskadeerstatning Vinmonopolet

Regionale helseføretak Helse Nord Helse Midt-Norge Helse Vest Helse Sør-Øst

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske departement Kategori:Helsevesen i Noreg