Hans Christian Andersen () var ein dansk diktar og forfattar som særleg er kjend for eventyra sine. Nest etter Bibelen er eventyra dei mest omsette tekstane i verda.Dag og Tid 21.januar 2013 s.31

Liv mini|venstre|Barndomsheimen til Andersen i Odense. mini|venstre|H.C. Andersen måla av C.A. Jensen i 1836 Andersen blei fødd i Odense den 2. april 1805 til vaskekona Anne Marie Andersdatter og skomakarsvennen Hans Andersen. Faren døydde då sonen var elleve år gammal. I 1819, som fjortenåring, drog H.C. Andersen til København for å prøva lykka ved Det Kongelige Teater. I tre år prøvde han utan hell å vinna innpass ved teateret som songar, dansar og skodespelar.

Ungguten levde eit hardt og fattig liv, men fekk hjelp frå innflytelsesrike vennar til å ta utdanning. I 1822 tok H.C. Andersen fatt på latinskolen, først i Slagelse og frå 1826 i Helsingør. Her opplevde han å bli mobba av både elevar og lærarar. Mens han var elev skreiv Andersen diktet «Det døende Barn», i 1827. Året etter tok han studenteksamen og i 1829 igjen Anden Eksamen. Den første eigentlege diktsamlinga hans kom ut i 1831. Same året drog han for første gong til utlandet, til Tyskland, der han mellom anna møtte diktaren Chamisso.

Den amerikanske globetrottaren J. Ross Browne vitja på eige initiativ H.C. Andersen i 1862 og skildrar møtet slikBrowne, J. Ross (1969): Med hest og karjol. Gjennom Norge og Island for 100 år siden. Cappelens forlag, Oslo (utgitt første gong 1867 i New York), s.87.:

Dikting mini|Eventyrfiguren Tommelise, teikna av Vilhelm Pedersen.

I 1835 gav Andersen ut sin første roman, Improvisatoren, og dei første to eventyrsamlingane sine. I åra som følgde skreiv han ei rekke skodespel og to romanar, O. T. og Kun en Spillemand. Ei reise i 1840-41) til mellom anna Italia, Malta, Hellas og Tyrkia førte til reiseskildringa En Digters Bazar i 1842. H.C. Andersen vitja den engelske forfatteren Charles Dickens under ei englandsreise det same året, og i 1862-63 drog han til mellom anna Spania og Marokko, noko han skildra i I Spanien.

Det var med eventyra sine at H.C. Andersen blei mest kjend og lesen. Dei er omsette til over hundre språk. Desse forteljingane kan vera vakre, sørgmodige og avslørande. Nokre av dei er inspirerte av danske folkeeventyr, andre av forfattaren sitt eige liv. Blant dei mest kjende er «Den lille Pige med Svovlstikkerne», «Keiserens nye klær», «Prinsessen på erten», «Den stygge andungen» og «Den lille havfrue».

Kulturkanonen Den lille havfrue er teken opp i den danske kulturkanonen.Om Den lille havfrue hos Kulturkanonen Referansar

Bakgrunnsstoff

H.C. Andersen information. http://www.hcandersen-homepage.dk/ Om H.C. Andersens liv, færden og værker i tekst og billeder. http://www.andersen.sdu.dk - biografi, tidstavle, verkregister, artiklar, m.m. på H.C. Andersen-senteret sin nettstad http://www.odmus.dk/db2/main.asp?kap=616 - biografiske og historiske artiklar, HCA sine teikningar, papirklypp, biletdbøker, manuskript m.m. i H.C. Andersens Hus http://www.kb.dk/elib/mss/hca/index.htm - Samling i Det Kongelige Bibliotek http://www.hca2005.dk/ - H.C. Andersen 2005-nettstaden; Nyhedende og undervisingsopplegg H.C. Andersens rejser - Reiserute for 30 utanlandsreiser (Odense Bys Museer) http://dr.dk/hca - Danmarks Radio sin nettstad H.C. Andersen Hans Christian Andersen i Dansk biografisk leksikon, 1887 Hans Christian Andersen i Salmonsens konversationsleksikon, 1915 Hans Christian Andersen i P. Hansen, Illustreret dansk Litteraturhistorie, 1902 Hans Christian Andersen i Vilhelm Østergaard, Danske Digtere i det 19de Aarhundrede, 1907 Ordenshistorisk Selskab - Bilete og skildringar av H. C. Andersens sine utmerkingar.

Kategori:Danske forfattarar Kategori:Eventyrforfattarar Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Folk frå Odense