Borre (også kalla Kirkebakken) er ei bygd i Horten kommune i Vestfold . Borre har tidlegare òg vore eigen kommune, og fram til 2002 var Borre namnet på noverande Horten kommune. Bygda ligg sørom Horten sentrum. Borre var fram til 2014 som ein tettstad å rekne.
mini|venstre|Borre kyrkje, truleg frå 1100-talet. Her ligg Borre kyrkje. Sørom Borre ligg Høgskolen i Vestfold.
Ved Borre ligg parken Borrehaugene med den største samlinga av store kongegraver i Norden. Her ligg òg Midgard historisk senter.
Borre kommune Borre kommune vart oppretta som Borre formannskapsdistrikt i 1837. 1. januar 1858 vart Horten skild ut frå Borre som eigen kommune. Borre hadde då 2 954 innbyggjarar. Horten hadde 4 636.
Ein del av Borre med 287 innbyggjarar vart overført til Horten 1. august 1921. Ein ny del med 308 innbygjarar vart overført 1. juli 1951.
1. januar 1965 vart Borre og Åsgårdstrand kommunar i tillegg til ein del av Sem (Stang, 126 innb) slegen saman til ein kommune med namnet Borre. 1. januar 1986 vart gardsnummer 30 bruksnummer 284-293 (Skavli aust) med 22 innbyggjarar i Borre overført til Horten. 1. januar 1988 vart Borre og Horten kommuner slegne saman til ein kommune med namnet Borre. 1. juni 2002, etter lokal folkerøysting og regjeringsgodkjenning, vart namnet på kommunen endra til Horten kommune.
Sjå òg Tettstader i Vestfold
Kjelder Om Borre på nettstaden til Horten kommune SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Vestfold»
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Borre på nettstaden til nasjonalbiblioteket
Kategori:Busetnader i Horten Kategori:Bygder i Vestfold Kategori:Tidlegare kommunar i Vestfold Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Utgåtte tettstader