mini|Maria Parr signerer bøker ho har skrive i lag med nokre vaffelhjarte Maria Parr () er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.
Maria Parr har mastergrad i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, og studerer no ved Høgskulen i Volda
Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk. I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. Brageprisen fekk ho og i 2017 for Keeperen og havet. I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.
Bøker Vaffelhjarte, barnebok, 2005 Tonje Glimmerdal, barnebok, 2009 Keeperen og havet, barnebok, 2017 Oskar og eg, barnebok, 2023
Prisar Nynorsk barnelitteraturpris 2005, for Vaffelhjarte Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 2006, for Vaffelhjarte Zilveren Griffel 2008 for Vaffelhjarte Ole Vig-prisen 2009 for Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal Brageprisen 2009 for Tonje Glimmerdal Teskjekjerringprisen 2009 Kritikarprisen for beste bok for born eller ungdom 2009 for Tonje Glimmerdal Nynorsk barnelitteraturpris 2009 for Tonje Glimmerdal Melsom-prisen 2010 Årets nynorskbrukar 2010 Guro Sandsdalens litteraturpris 2010 LUCHS 2010, Die Zeits sin pris for beste barnebok i Tyskland, for Tonje Glimmerdal Kulturprisen for Vanylven 2011 Sigmund Skard-stipendet 2013 Brageprisen 2017 for Keeperen og havet Brageprisen 2023 for Oskar og eg
Referansar
Bakgrunnsstoff «Maria Parr» av Erle Stokke på Allkunne Bokekspedisjonen: Maria Parr – Vanylven NRK-program frå 2019 Presentasjon av Maria Parr på nettstaden til Samlaget Janne Karin Støylen: «Maria Parr: – Les for borna!», Nynorskopplæring nr. 2, 2008 Utgjevingar av Maria Parr i Oria
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Vanylven Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Vinnarar av Teskjekjerringprisen