mini|400px|Kart over urfolksspråk i Mexico med færre enn 20 000 talarar. mini|upright|Kennekuk (ca. 1790–1852), kickapoo-medisinmann og -leiar, kjend som «kickapoo-profeten». Kickapoo-språket er eit algonkinsk språk som blir tala i Midtvesten og Texas i USA og nord i Mexico.
Kickapoo blir tala av noko over 800 menneske – 539 i USA og 400 i Mexico – av ei etnisk gruppe på om lag 3000. I USA bur talarane i Horton i det nordaustlege Kansas, i McCloud og Jones i det sentrale Oklahoma og i Nuevo Nacimiento i Texas, og i Mexico bur dei i Nacimiento de Kikapú, 40 km nordaust for Muzquiz i delstaten Coahuila. Kickapoo blir rekna som ein dialekt av det fox-sauk-kickapoo i lag med fox, sauk og det utdøydde mascouten.
Fonologi Kickapoo har eit enkelt fonemsystem, med fire vokalar og elleve konsonantar.Framstillinga byggjer på Paul H. Voorhis 1974. Introduction to the Kickapoo language. (Indiana University Publications. Language Science Monographs, Vol. 13.) Bloomington: Indiana University. Vokalar Dei fire vokal-fonema kan vere både korte og lange:
+ Vokalar Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda Trong i – ii Midtre e – ee o – oo Open a – aa Vokalane blir normalt uttala om lag som dei vokalane som blir skrivne [i e a o] i IPA-transkripsjonen, men e blir ofte uttala noko trongare, som [ɪ], mellom konsonantar. Ein trykksvak vokal er ustemd på slutten av ei ytring etter p t c k θ s og etter w y som fylgjer ein av desse konsonantane. Ein trykksvak vokal er knirkestemd etter andre konsonantar og etter ein annan vokal sist i ei ytring.
Konsonantar Språket har ti konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:
+ Konsonantar Labial Dental Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal Plosiv/affrikat p t c k Frikativ θ s h Nasal m n Halvvokal w y
Mellom ein vokal og ein vokal eller halvvokal kan p t c k θ s vere stemde, slik at dei er uttala [b d ʤ g ð z], medan dei elles er ustemde (og alltid usapirerte), det vil seie [p t ʧ k θ s]. T er apikal-alveolar.
Kickapoo har desse konsonantgruppene: hp ht hc hk hm hn sk. I tillegg kan dei fleste einskildkonsonantane og konsonantgruppene fylgjast av halvvokalane w y.
Kjelder Kickapoo ved ethnologue.com
Kategori:Algonkinske språk Kategori:Einskildspråk