Sven Kristoffer Nyhus () var ein norsk folkemusikar (fele, hardingfele og bratsj), komponist og tidlegare professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.
Liv og virke Sven Nyhus var fødd på Røros og byrja spele fele som ni-åring, og var fram til 1952 aktiv som spelemann i heimetraktene. Han starta Glåmos Spellemannslag og transkriberte noter for lokal folkemusikk. Deretter flytta han til Oslo og tok i 1956 eksamen som orkestermusikar ved musikkonservatoriet. Han var solobratsjist i orkestret ved Nationaltheatret, Den norske Operas orkester og Kringkastingsorkesteret og spelte som alternerande solobratsjist i Oslo-Filharmonien frå 1961 til 1971.
I 1969 starta han folkemusikkorkesteret Sven Nyhus kvartett (seinare også kvintett og sekstett) saman med trekkspelaren Tore Løvgreen. Dei to er framleis med i orkesteret som ellers har hatt ei rekkje andre medlem innom. Svens dotter, Åshild Breie Nyhus, spelar fele i sekstett-utgåva av orkesteret i dag. Orkesteret har gitt ut 12 album, og vunne to Spelemannpriser. I tillegg gav Sven Nyhus ut et soloalbum i 1977.
Frå 1971 var han medredaktør av sjubandsverket Norsk folkemusikk (saman med Jan Petter Blom og Reidar Sevåg), der han var med å transkribere notar for norske slåttar og folkemusikk. Verket blei avslutta i 1981. Han gav dessutan ut ei rekkje større og mindre slåttesamlingar.
Frå 1978 og ti år framover var Nyhus sjef for Folkemusikkavdelinga i NRK og frå 1990 til 2002 var han professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Han komponerte rundt 75 slåttar.
Sven Nyhus var far til felespelaren Åshild Breie Nyhus og pianisten Ingfrid Breie Nyhus.
Prisar og utmerkingar Spellemannprisen 1974 i klassen folkemusikk/gammaldans med Sven Nyhus' kvartett og sekstett Spellemannprisen 1978 i klassen folkemusikk/gammaldans for Dovregubben danser Statsstipendiat (1989) Rff-prisen (1996) Hilmar Alexandersens musikkpris 1999 Juryens heiderspris under Spellemannprisen 1999 Kommandør av St. Olavs Orden 2002
Diskografi Rørosslåtter (PLAY, 1970) Sven Nyhus kvartett Gammeldans frå Rørostraktom (Polydo, 1972) Sven Nyhus kvartett Med hopp og hiv (Polydo, 1973) Sven Nyhus kvartett Sven Nyhus kvartett og kvintett spiller opp til gammeldans (Polydo, 1974) Sven Nyhus kvartett og kvintett Trollsteget (Talent, 1976) Sven Nyhus kvartett Trollsving og kast (Talent, 1976) Sven Nyhus kvartett Felklang frå Rørosvidden (Talent, 1977) Sven Nyhus solo Norskt livtag (Sonet, 1977) Sven Nyhus kvartett - berre gitt ut i Sverige Dovregubben danser (Talent, 1978) SvenNyhus kvartett På dansefot (EMI, 1981) Sven Nyhus kvartett Bergrosa (Mariann Records, 1984) Sven Nyhus kvartett og kvintett Skuddårslek (Callisto, 1988) Sven Nyhus kvartett og Åshild Breie Nyhus (fele) GRIMEN (Heilo, 1997) Sven Nyhus sekstett
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sven Nyhus» frå , den 10. juli 2009.
Bakgrunnsstoff Biografi Artikkel frå Nationen i høve 70-års dagen Gitt ut på Musikk-Husets Forlag A/S
Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Norske musikkforskarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Røros