«See Me Feel Me/Listening To You» er ein del av songen «We're Not Gonna Take It» skriven av Pete Townshend frå The Who. Songen er avslutninga på rockeoperaen Tommy. «See Me Feel Me/Listening To You» vart spelt på Woodstock Festival i 1969. The Who spelte heile verket Tommy seint på natta og under denne finalen så steig sola opp over horisonten og skein på bandet på scenen. Dette er fanga på film i The Kids Are Alright og Woodstock. «See Me, Feel Me» vart gjeven ut som singel og nådde 12. plassen på singellista i USA. I Storbritannia gjekk han ikkje inn på listene.
Bandet framførte denne songen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London den 12. august 2012 i lag med «Baba O'Riley» og «My Generation».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «See Me, Feel Me» frå , den 29. juni 2009.
Kategori:The Who-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Decca Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar produserte av Kit Lambert