Terje Bjarte Langli, (), er ein norsk tidlegare langrennar. Han vart verdsmeister i 10 kilometer i klassisk stil under VM 1991 i Val di Fiemme. Året etter vann han bronsemedaljen på 30 kilometer under OL 1992 i Albertville. Under dei same olympiske leikane vart han olympiameister i 4x10 km stafett, året etter vart han verdsmeister i same øvinga. Han vart noregsmeister ein gong, i 1987 på 15 km på heimearenaen. Langli er frå Henning i Steinkjer og tevla for Henning IL.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1985: Nr 1 på 15 km i Lahti (ikkje verdscup). 1986: Nr 11 på 30 km i La Bresse. 1987: Nr 6 på 30 km og bronsemedalje i 4x10 km stafett i VM i Oberstdorf. 1988: Nr 12 på 30 km under OL i Calgary. 1989: Nr 5 på 30 km i Nove Mesto. 1990: Vinnar av 30 km i Örnsköldsvik. 1991: Verdsmeister på 10 km i Val di Fiemme. 1992: VM-bronse på 30 km i Albertville. Nr 3 på 10 km i Silver Star. 1993: Nr 5 på 25 km jaktstart, nr 7 på 10 km og nr 6 på 30 km, alle renna under VM i Falun. 1993/4: Nr 26 på 30 km i Santa Caterina. 1994/5: Nr 15 på 15 km i Tauplitzalm. 1996: Nr 26 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1982: Nr 7 på 15 km på Raufoss. Ski-NM 1983: Nr 6 på 15 km på Lillehammer. Ski-NM 1984: Nr 12 på 15 km i Hof. Ski-NM 1985: Nr 12 på 15 km i Tromsø. Ski-NM 1986: Nr 4 på 30 km i Vang. Ski-NM 1987: Gullmedalje på 15 km i Steinkjer. Ski-NM 1988: Sølvmedalje på 50 km i Vang. Ski-NM 1989: Nr 7 på 15 km på Geilo. Ski-NM 1990: Nr 7 på 15 km på Gjøvik. Ski-NM 1991: Nr 6 på 30 km i Misvær. Ski-NM 1992: Bronsemedalje på 30 km i Tronsheim Ski-NM 1993: Nr 6 på 30 km på Lillehammer. Ski-NM 1994: Bronsemedalje på 15 km i Vegårshei. Ski-NM 1995: Nr 6 på jaktstarten i Oslo. Ski-NM 1996: Nr 11 på jaktstarten i Stryn.

Idrettsrelatert arbeid Langli var fagsjef for langrenn i Norges Skiforbund 2000/01. Perioden 2004-06 var han sjef for smørjeteamet til det norske langrennslandslaget. Han er i dag seljar av skiutstyr hos firmaet Elbe Normark AS.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Terje Bjarte Langli i olympedia.org Terje Bjarte Langli i fis-ski.com

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Steinkjer