Mulhacén er det høgaste fjellet i det kontinentale Spania og på Den iberiske halvøya. Fjellet ligg i fjellkjeda Sierra Nevada i Cordillera Penibética. Det er kalla opp etter Abu l-Hasan Ali, eller Muley Hacén som han vert kalla på spansk, den nestsiste kongen av Granada på 1400-talet, som i følgje segna er gravlagd på toppen av fjellet.
Sjølv om fjellet ikkje er særleg høgt er Mulhacén det høgaste fjellet i Europa utanfor Kaukasus og Alpane. Det er høgare fjell på både Kanariøyane og Grønland, men desse høyrer ikkje geografisk til Europa. Fjellet har òg den tredje høgaste primærfaktoren i Vest-Europa etter Mont Blanc og Etna og er det 64. mest prominente fjellet i verda. Fjellet er verken særleg bratt eller dominerande. Sørsida av fjellet er slak og er ikkje teknisk vanskeleg å forsere. Nordaustsida er noko brattare, medan nordsida er bratt og har fleire forholdsvis bratte ruter på snø og is om vinteren.
Ein kan nå toppen av Mulhacén på ein dag frå landsbyane Capileira eller Trevélez, men det er vanlegast å overnatte i fjellhytta i Poqueira.
Sjå òg Geografiske ytterpunkt i Spania
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mulhacén» frå , den 13. mai 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ruter opp til toppen av Mulhacén
Mulhacen