mini|SOFIA 26. april 2007. mini|Teleskop. Stratospheric Observatory for Infrared Astronomy (SOFIA) er eit prosjekt mellom den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA og Deutsches Zentrum für Luft- und Raumfahrt (DLR). Eit ombygd Boeing 747SP har blitt ombygd for å huse eit spegelteleskop som er 2,5 i diameter. Teleskopet er meint for infraraude astronomiske undersøkingar 12 km inn i stratosfæren.
Flyet Boeing 747SP-flyet som husar teleskopet, vart opphavleg eit passasjerfly med produksjonserienummeret 21441. Flyet vart levert til Pan American World Airways i mai 1977 og gjeve namnet «Clipper Lindbergh» og døypt av enka etter Charles Lindbergh. American Airlines kjøpte flyet i 1986 og hadde det i si teneste fram til 1995. To år etter vart flyet kjøpt av NASA. Under prøveflygingar var flyet stort sett framleis i AA sine fargar. Ein svart firkant vart måla på der teleskopet skulle vere. I 2006 fekk flyet måla på ny utsjånad og året etter vart flyet gjeve attende det namnet «Clipper Lindbergh» av barnebarnet til Lindberg, Erik Lindbergh.
Flyet var i løpet av 2009 gjennom ei rekkje testflygingar, før ein kunne byrje med astronomiske observasjonar.
Bakgrunnsstoff
USRA SOFIA Nettstad SOFIA Mission Profile hjå NASA's Solar System Exploration SOFIA Website des DLR (Tyskpspråkleg) SOFIA hjå Astronomy Picture of the Day
Kategori:Astronomi Kategori:NASA Kategori:DLR Kategori:Teleskop