Pesaḥ sjení (hebr. , 'andre pesah') er ei mindre jødisk høgtid som blir feira den 14. ijjár etter den jødiske kalenderen.
Dagen blei opphavleg innført av Moses som eit nytt høve for jødar til å observera pesah-offeret. Folk rekna som ureine eller som var hindra på annan måte frå å dra til ofringsstaden den 14. nisán, under pesah, kunne gjera det ein månad seinare.
Sidan øydelegginga av Tempelet i Jerusalem har ingen jødar vore rituelt reine nok til å utføra dyreofringar. Ein feirar derfor både pesah og pesah sjeni utan offer, men pleier eta eit stykke massá. Fordi dagen er ein feiringsdag vil ein i mange samfunn ikkje seia angrebøner som taḥanun.
Innan hasidisk tenking blir pesah sjeni gjerne sett på som ein dag med nye sjansar, slik pesah sjeni var ein ny sjanse til å observera pesah.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pesach Sheni» frå , den 8. mai 2009.
Bakgrunnsstoff Pesach Sheni - The Second Passover frå Chabad
Kategori:Jødiske høgtider Kategori:Pesah Kategori:Ijjár