Darro er ei elv i Granada i Spania og ei av sideelvane til Genil. Det er òg namnet på ein lokal by.
Elva vart opphavleg kalla opp etter det romerske ordet for gull (aurus) fordi folk brukte å leite etter gull ved breidda. Namnet vart så endra av arabarane til Hadarro og etter å ha fått namnet Dauro av dei kristne utvikla namnet seg til Darro.
Det er fem bruer over Darro, mellom andre Puente del Aljibillo, Puente de las Chirimias, Puente de Cabrera (1500-talet) og Puente de Espinosa (1500-talet).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Darro» frå , den 8. mai 2009.
Kategori:Elvar i Spania