Marie Takvam () var ein norsk forfattar frå Hjørundfjord i Ørsta kommune på Sunnmøre. Ho flytta til Oslo for å studera psykologi, og budde deretter der i mange år.
Takvam debuterte 25 år gammal med Dåp under sju stjerner. Ho vart kjend, ikkje berre for dikta sine, men òg for venleiken sin, og det til tider harde livet ho levde. Ho gjekk gjennom ei skilsmisse og hadde alkoholproblem som ho fortalde ope om til media.
Takvam var vener med mellom andre Aslaug Vaa, Inger Hagerup og Halldis Moren og Tarjei Vesaas. Inspirasjonen til dikta sine skal ho likevel ha funne i sitt eige liv.
Takvam har òg arbeidd i Barnetimen og skrive barnebøker.
Utmerkingar Gyldendals legat i 1965 Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1976 Sunnmørsprisen 1981 for Eg har røter i jord Doblougprisen 1983 Nynorsk litteraturpris for 1997 Melsom-prisen 1998
Verkliste Dåp under sju stjerner, 1952 Syngjande kjelder, 1954 Merke etter liv. 1962 Mosaikk i lys. 1965 Brød og tran. 1969 Auger, hender. 1975 Dansaren. 1975 Falle og reise seg att. 1980 Brevet frå Alexandra 1981 Aldrande drabantby 1987 Rognebær 1990 Dikt i samling 1997
Bakgrunnsstoff Intervju med Dag og Tid etter den siste diktsamlinga
Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Folk frå Hjørundfjord