Jan-Magnus Bruheim () var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker.

Liv Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.

Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing.

Jan-Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon.

Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.

I 1978 flytte han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, barneboka Den kvite hjorten og diktsamlinga Flo og Fjøre. I 1954 vann han Sunnmørsprisen for Ord gjennom larm. I 1972 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag. Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans.

Bruheim kom attende for godt til Skjåk 1985, da han kjøpte Vyuli frå garden Eide, og busette seg der. Han døydde i heimen sin i 1988.

Bibliografi Bøker

Notar - eit utval

Tonesette dikt - eit utval

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Tekstar om Jan-Magnus Bruheim

Bakgrunnsstoff janmagnusbruheim.no

Om Jan-Magnus Bruheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Skjåk Kategori:Forfattarar frå Oppland Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Forfattarar frå Bremanger Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar