Orsa kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Dalarnas län, Rättviks kommun i aust og Mora kommun i sør og vest. I tillegg grensar kommunen til Ljusdals kommun i Gävleborgs län i nord og Härjedalens kommun i Jämtlands län i nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Orsa, som ligg 15 km nord for Mora.

Nord i Orsa kommun finn ein mykje furuskog i næringsfattig morenejord, men i sør er det ein meir fruktbar og artsrik sedimentberggrunn, mellom innsjøane Skattungen og Orsasjön. Det er også mykje myrmark i kommunen. Næringslivet er dominert av treindustri og turisme. Ein kjend attraksjon i kommunen er Orsa Grönklitt, som er eit skisenter og ein bjørnepark.

Administrativ historikk Orsa kommun omfattar i dag det same området som ved innføringa av kommunar i 1863. Administrasjonssenteret Orsa var municipalsamhälle frå 1902 til 1966.

Kommunevåpenet Blasonering: På gullbakgrunn, tre raude orsaslipesteinar, to øvst og éin nedst.«I fält av guld tre röda orsaslipstenar, ordnade två och en».

Slipesteinproduksjon har føregått svært lenge i området og slipesteinen finst òg på eit soknsegl frå 1720. Våpenet vart fastsett av kongen i 1943. Per Andersson: Svensk vapenbok för köpingar, municipalsamhällen och landskommuner 1863-1979. Draking 1994. Det vart ikkje gjort nokon endringar i kommunen i samband med inndelingsreformene på 1950- og 1970-talet, men våpenet vart registrert hjå Patent- och registreringsverket ifølgje dei nye reglane for kommunevåpen i 1974.

Tettstader Det er to tettstader i Orsa kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal 1. Orsa 5 278 2. Skattungbyn 266

Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Orsa kommun» på Wikipedia på svensk. «Orsa» på Store Norske Leksikon.

Fotnote

Kategori:Kommunar i Dalarnas län