Rättviks kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fire andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Falu kommun i søraust, Leksands kommun i sør, Mora kommun i sørvest og Orsa kommun i vest. I tillegg grensar han til to kommunar i Gävleborgs län, Ovanåkers kommun i aust og Ljusdals kommun i nord. Administrasjonssenteret i kommunen er Rättvik.
Rättvik er ein jord- og skogbrukskommune med eit kupert og skogkledd terreng. Ein finn treindustri i kommunen, i tillegg til at det er lange tradisjonar for kalkutvinning. Turisme er også ei viktig næring i kommunen.
Administrativ historikk Boda landskommun braut 1. mai 1875 ut av Rättviks landskommun. I 1910 vart Rättviks municipalsamhälle oppretta. Ved kommunereforma i 1952 vart det ikkje gjort endringar i området, men i 1963 vart Boda sameina med Rättvik att og i 1966 vart municipalsamhället oppløyst. Rättviks kommun i si noverande form vart oppretta i 1974, då Ore vart innlemma.
Kommunevåpenet Blasonering: Firedelt skjold, felt 1 og 4 i raudt med ei ståande øks av gull, felt 2 og 3 i gull med to piler [i blått].«Sköld kvadrerad: fält 1 och 4 i rött en stolpvis ställd bila av guld, fält 2 och 3 i guld två korslagda dalpilar.».
Våpenet vart fastsett for Rättviks socken i 1948, bileta kjem frå eit soknsegl frå 1600-talet. Også landkommunane som gjekk inn i Rättviks kommun på byrjinga av 1970-talet hadde eigne heraldiske våpen. Det fanst dermed tre våpen etter kommunereforma på byrjinga av 1970-talet. Det var den namngjevande eininga sitt våpen som vart vald til kommunevåpen og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1979.
Tettstader Det er seks tettstader i Rättviks kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. Tettstad Folketal 1. Rättvik 4 588 2. Vikarbyn 1 208 3. Boda 576 4. Furudal 449 5. Gulleråsen 365 6. Nedre Gärdsjö 248
Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Rättviks kommun» på Wikipedia på svensk. «Rättvik» på Store Norske Leksikon.
Fotnotar
Kategori:Kommunar i Dalarnas län