Falu kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til mange andre kommunar, både i Dalarnas län og Gävleborgs län. Centralorten i kommunen er Falun.
Aust og nord i kommunen er det store skogkledde moreneområde og vide myrmarker. I vest er det ein rikare flora, der ein mellom anna kan finne edellauvskog (lind, lønn, alm, hassel) rundt Våckelbergets naturreservat. Industrisektoren var tidlegare dominerande i området, men han er i dag erstatta av tenestenæringar som den største næringa. Falu kommun har fleire turistattraksjonar, mellom dei mest kjende er Falu gruve og Carl Larsson-gården i Sundborn.
Administrativ historie I det store samanslåingsåret 1952 skjedde det ikkje noko i området utanom at Aspeboda kommun vart slått saman med Stora Kopparberg. Det vart ikkje gjort forandringar med dei fem andre landskommunane og Falun stad. I 1967 vart Stora Kopparberg og Vika innlemma i Falun stad. Ved kommunereforma i 1971 vart Falu kommun oppretta gjennom at byen vart slått saman med landskommunane Bjursås, Enviken, Sundborn og Svärdsjö.
Kommunevåpenet Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein oppstikkande raud krenelert mur frå kant til kant, og ovanfor tre ståande koparsymbol, alle i raudt.«I fält av guld en uppskjutande från kant till kant gående krenelerad mur och däröver tre bjälkvis ordnade kopparsymboler, allt i rött.».
Det eldste seglet for byen Falun er frå 1642 og inneheld mellom anna eit koparteikn. Våpenet som er i bruk i dag vart laga på 1900-talet og vart fastsett av kongen i 1932. Etter kommuneopprettinga i 1971 vart det forenkla noko og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1988. Alle dei andre kommunane som var med på å utgjere den nye Falu kommun hadde også eigne våpen, og desse vart ugyldige.
Tettstader Det er elleve tettstader i Falu kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. Tettstad Folketal 1 Falun 36 447 2 Bjursås 1 864 3 Grycksbo 1 781 4 Svärdsjö 1 288 5 Sundborn 751 6 Linghed 609 7 Sågmyra 578 8 Bengtsheden 556 9 Danboln 446 10 Vika 398 11 Toftbyn 274
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Falu kommun» frå , den 7. mars 2009.
«Falun – kommune i Sverige» i Store Norske Leksikon, vitja 7. mars 2009.
Fotnote
Kategori:Kommunar i Dalarnas län