mini|Førrevassdammen Førrevassdammen er ein betongdam med flaumoverløp, og er ein av 14 dammar som demmer opp den regulerte innsjøen Blåsjø. Han strekkjer seg over Førrejuvet, der Førreåna tidlegare rann. Med eit volum på om lag 255.000 m³ er han den største betongdammen i Noreg. Lengda er om lag 1300 meter.
Det blei ikkje brukt armeringsstål i konstruksjonen, og sidan det ikkje var sand tilgjengeleg i nærleiken, måtte ein knusa stein til bruk i betongen.
Førrevassdammen fekk Betongtavlen i 1989. Betongtavlen 1961-2008 frå Betong.net
Kjelder
Bakgrunnsstoff Førrevassdammen – Norges største betongdam. Glimt fra NVEs fotoarkiv
Kategori:Ulla-Førre Kategori:Betongtavlen