Smineset er ein gard og eit nes nordvest på Fedje, søraust i området kalla Vestkanten. Neset strekkjer seg ut i Husavågen mot Smiholmen. Smiholmen høyrte i starten til Uthaugen, medan Smineset høyrte til Kremmarholmen.
Forstavinga «smi» tyder smed, så det har truleg vore ein smed på anten Smineset eller Smiholmen. I 1868 vart namnet skriven Smedjenæset, så tydinga kjem då klart fram. Dei første husa på Smineset vart bygd i 1860-åra.
Kjelder
Kategori:Gardar på Fedje