Sulen (stundom kalla Sulo) er ein gard nordvest på Fedje i området kalla Vestkanten.

Sulen låg først under Husa og seinare under Holmen eller Kremmarholmen. I starten vart Sulen derfor rekna som eit plass, som regel med lite jord og husdyr. Sulen er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1643. På denne tida vart Sulen nytta som beiteområde og det var ingen som budde her. I starten omfatta Sulen heile området som i dag vert kalla Vestkanten, utanom Kremmarholmen, det vil seie heile halvøya nord for Bruvågen og vest for Kyrkjevågen.

Sulen vart første gong busett på første halvdel av 1700-talet.

Kjelder

Kategori:Gardar på Fedje