Exile on Main St. er eit album av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum og er musikalsk ei blanding av rock & roll, blues, country og soul. Exile fekk i starten nokså lunken mottaking, men vert i dag rekna som eit av dei beste albuma til bandet og eit av dei største meisterverka i rockehistoria. I 2003 vart albumet rangert på 7. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. Dette var den høgaste plasseringa til Stones på lista.
Innspeling Exile on Main St. er eit album av innspelingar gjort over ein periode på fire år frå 1968 til 1972. Om dei tidlegaste songane har Jagger sagt at etter dei kom ut av kontrakten dei hadde med Allen Klein, ønskte dei ikkje å gje han rettane til desse songane, slik dei var nøydde til å gjere med songane «Brown Sugar» og «Wild Horses» frå Sticky Fingers. Dei fleste songane var innspelte mellom 1969 og 1971 i Olympic Studios og landstaden til Richards i Stargroves i England under innspelinga til Sticky Fingers.
Våren 1971 forlet the Stones heimlandet England for å unngå dei høge skattane. The Stones måtte forlate landet innan 5. april for at dei britiske styresmaktene ikkje skulle ta midlane deira. Etter lange vurderingar valde dei å slå seg ned i Villefranche-sur-Mer, nær Nice, i Frankrike, der gitarist Keith Richards hadde leigd Nellcôte. Dette var i følgje Richards Gestapohovudkvarteret under den andre verdskrigen med hakekross på golvventilane. Det var her Stones gjekk i gang med innspelinga av det neste albumet sitt.
Nellcôte Innspelinga starta for fullt i midten av juni. Bassist Bill Wyman har fortalt at bandet arbeidde kvar kveld frå klokka åtte til klokka tre om natta resten av månaden. Han var frustrert fordi ikkje alle møtte opp kvar kveld, og at medan dei på dei to førre albuma hadde arbeidd godt og lytta til produsent Jimmy Miller, så var tilhøva annleis ved Nellcôte. På denne tida hadde Richards starta eit heroinmisbruk. Tusenvis av dollar med heroin passerte gjennom huset kvar veke med mange besøkande, som William S. Burroughs, Terry Southern, Gram Parsons og Marshall Chess (som styrte det nye selskapet til Stone). Mange har trudd at Parsons deltok på albumet, men han vart beden om å forlate Nellcôte tidleg i juli 1971, både på grunn av dårlege oppførselen sin og Richards sitt forsøk på å reinske huset for dopmisbrukarar etter press frå fransk politi.
Richards sitt narkotikamisbruk starta å påverke spelinga hans, og dette førte ofte til at bandet spelte inn songane utan at alle var til stades samstundes. Til dømes vart songen «Happy» spelt inn ein gong Richards kom tidleg til ei innspeling. Richards sa i 1982: «Der var Bobbey Keys og Jimmy Miller. Vi hadde ikkje noko å gjere på og eg tok gitaren og spelte dette riffet. Så vi spelte det inn og det hamna på albumet. Vi spelte inn originalsporet med ein barytonsaksofonist, ein gitar og Jimmy Miller på trommer. Resten er bygt opp over dette sporet.»
Bandet som hovudsakleg spelte i Nellcôte var Richards, Bobby Keys, Mick Taylor, Charlie Watts, Miller (på trommer medan Charlie Watts var borte på «Happy» og «Shine a Light»), og Jagger når han var tilgjengeleg. Wyman likte ikkje stemninga i villaen til Richards og let vere å delta på fleire innspelingsdagar. Wyamn er berre med på åtte songar på albumet, medan Taylor, Richards og Bill Plummer speler på resten. Wyman skreiv i biografien Stone Alone at det var ein tydeleg motsetnad mellom bandmedlemmene som nytta mykje dop (Richards, Miller, Keys, Taylor, lydteknikar Andy Johns) og dei som var meir tilbakehalden (Wyman, Watts og Jagger).
Los Angeles Fleire grunnspor vart spelt inn i Nellcôte og så teken til Sunset Sound Recorders i Los Angeles der det vart lagt på fleire spor (alt piano, all vokal, samt noko gitar og bass). Desse innspelingane varte frå desember 1971 til mai 1972. Nokre spor (som «Torn and Frayed» og «Loving Cup») vart spelt inn heilt frå starten av i Los Angeles. Sjølv om Jagger (som nyleg hadde gifta seg med Bianca Jagger) ofte ikkje var til stades i Nellcôte, tok han med ein gong føringa i Los Angeles, og fekk inn Billy Preston og Dr. John og fleire av dei best korsongarane i byen for legge på fleire lydspor.
Den langvarige innspelinga og det aukande avstanden mellom Jagger og Richards kom delvis av dei forskjellige måtane dei levde på. Under innspelinga gifta Jagger seg og fekk eit barn, Jade, i oktober 1971. Richards hadde slått seg ned med Anita Pallenberg, men begge var avhengige av heroin, noko Richards skulle vere resten av tiåret. Albumet vert likevel ofte skildra som noko av det beste Richards har gjort. Jagger uttrykte at han var lei av rock and roll i fleire intervju på denne tida. Med Richards bunden til heroinmisbruket, tok Jagger over føringa utover 70-åra. Bandet eksperimenterte i aukande grad med forskjellige musikksjangrar, og flytta seg bort frå den roots-baserte stilen på Exile On Main St.
Utgjeving Albumet kom i mai 1972, like etter singelen «Tumbling Dice». Albumet vart raskt ein stort hit og gjekk rett til topps på salslistene verda over. Bandet la òg ut på turne, den første i USA på tre år. «Happy», sungen av Richards, vart ein hit i USA seinare på sommaren.
Kritikarane omtalte Exile on Main St. som ujamt då det kom ut, men albumet har sidan fått stadig betre rykte.
Ettermæle I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q Exile on Main St. fram som det 42. beste albumet gjennom tidene,«Q Readers All Time Top 100 albums». Q. Februar 1998. medan det same magasinet i 2000 plasserte det på 3. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.Greatest British albums «100 Greatest British albums». Q. Juni 2000. I 1987 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone albumet på tredjeplass på lista deira over dei 100 største albuma i perioden 1967-1987.«TOP 100 albumS OF THE LAST 20 YEARS». Rolling Stone. September 1987). I 2003 rangerte Pitchfork Media abumet på 11. plass på ei liste over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.«Top 100 albums of the 1970s». Pitchfork. 23. juni 2004. I 2001 hamna albumet på 22. plass på fjernsynskanalen VH1 si liste over dei beste albuma i verda.«Greatest albums of Rock and Roll» . VH1. 23. juni 2001. Albumet vart rangert på 19. plass i oktober 2006 av Guitar World på lista deira over dei 100 største gitaralbuma gjennom tidene.
Innhald
Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , munnspel , elektrisk gitar , tamburin , perkusjon Keith Richards – elektrisk gitar , korvokal , akustisk gitar , bassgitar , elektrisk piano , solovokal Bill Wyman – bassgitar Charlie Watts – trommer , perkusjon Mick Taylor – elektrisk gitar , akustisk gitar , bassgitar , korvokal
Andre medverkande
Nicky Hopkins – piano , elektrisk piano Bobby Keys – tenorsaksofon , maracas Jim Price – trompet , orgel Ian Stewart – piano Jimmy Miller – perkusjon , trommer Bill Plummer – kontrabass Billy Preston – piano , orgel Al Perkins – pedalsteelgitar Richard Washington – marimba Clydie King, Venetta Fields – korvokal Joe Green – korvokal Gram Parsons – korvokal Chris Shepard – tamburin Jerry Kirkland – korvokal Mac Rebennack, Shirley Goodman, Tami Lynn – korvokal Kathi McDonald – korvokal
Teknisk Glyn Johns – lydteknikar Andy Johns – lydteknikar Joe Zaganno – lydteknikar Jeremy Gee – lydteknikar Doug Sax – mastering Robert Frank – plateomslag og konsept John Van Hamersveld – design Norman Seeff – design
Salslister
Vekeslister
Original release ListePlasseringAustralske Kent Music Report2Kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista1Den italienske albumlista4Den japanske albumlista7Noreg - VG-lista1Den spanske albumlista1Svenske KvällstoppenMerk: Kvällstoppen kombinerte sal for album og singlar på same lista.2UK Albums Chart1US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista2
2010-utgåva ListePlasseringDen argentinske lista5Den australske ARIA-lista6Den austerrikske albumlista7Den belgiske albumlista (Flandern)8Den belgiske albumlista (Vallonia)9Den kanadiske RPM-lista3Den tsjekkiske albumlista42Den finske albumlista25Den franske SNEP-listaNote: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.2Den danske albumlista5Den nederlandske albumlista2Den greske albumlista2Irish Albums Chart11Den italienske albumlista4Den japanske albumlista12Den newzealandske albumlista4Noreg - VG-lista1Den skotske albumlista1Den koreanske Gaon-lista8Den spanske albumlista2Den svenske albumlista1Den sveitsiske albumlista8UK Albums Chart1US Billboard 2002Den tyske Media Control-lista3
Årslister Liste (1972)PlasseringDen australske albumlista19Den nederlandske albumlista11Den italienske albumlista36U.S. Billboard Top Pop Albums31Liste (2010)PlasseringDen nederlandske albumlista66Den tyske albumlista 84Den svenske albumlista72US Billboard 200176
Salstrofé
Bakgrunnsstoff Exile on Main St. på RollingStones.com Rolling Stone si opphavlege melding av albumet i 1972
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Exile on Main St.» frå , den 4. mars 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Dobbeltalbum Kategori:Album på toppen av VG-lista 007 014 Kategori:Album produserte av Jimmy Miller Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Countryrock-album Kategori:Britiske folkemusikkalbum Kategori:Britiske rhythm and blues-album Kategori:Britiske soul-album Kategori:Plateomslag av John Van Hamersveld Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Sverige