«Happy» er ein song av the Rolling Stones på albumet Exile on Main St. frå 1972 med Keith Richards på solovokal. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juli 1972 og nådde 22. plass på singellista i USA.

Songen er tilskriven Jagger/Richards, men er i hovudsak skriven av Richards sommaren 1971 i villa Nellcôte sør i Frankrike. Grunnsporet vart spelt inn i kjellaren på Nellcôte med Richards på bass, gitar og vokal, produsent Jimmy Miller på trommer og saksofonist Bobby Keys på maracas. Nicky Hopkins la seinare på piano, og det same vart seinare gjort med trompeten til Jim Price og Key sin saksofon, gitaren til Mick Taylor og korvokalen til Mick Jagger.

Sidan 1972 har Richards ofte sunge «Happy» på konsertar, og han har vorte ein av «signaturlåtane» hans. Det finst konsertutgåver av songen på Love You Live og Live Licks.

Medverkande Keith Richards – solovokal, gitar, bass Mick Jagger – vokal Mick Taylor – slidegitar Jimmy Miller – trommer Bobby Keys – saksofon, maracas Jim Price – trompet, trombone Nicky Hopkins – elektrisk piano Paul Buckmaster – strykararFrå plateomslaget til 2010-utgåva av Exile on Main St.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Happy (Rolling Stones song)» frå , den 4. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Songar produserte av Jimmy Miller Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards