Ingfrid eller Ingefrid er eit kvinnenamn som kjem frå det norrøne gudenamnet Ing og frid, vakker. Det norrøne namnet Ingifríðr fekk etterkvart formene Ingerid og Ingrid i norsk språk, og vart først teke i bruk i den historiske forma i siste halvdelen av 1800-talet. Ei sideform av namnet er Ingfrida.

Ingfrid har namnedag 10. februar.

Bruken av namnet i Noreg Namneforma Ingfrid vart teken i bruk på slutten av 1800-talet, i Trondheim i 1884 DA - folketeljinga 1900 Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet Ved folketeljinga i 1900 var det 9 registrerte med namnet Ingfrid, 6 het Ingfrida, tredjeparten av desse budde i Sør-Trøndelag I 2008 er det 572 kvinner Ingfrid til første fornamn, medan SSB ikkje gjev opplysningar om nokon med namnet Ingfrida.

Kjende namneberarar Ingfrid Breie Nyhus (f. 1978), norsk pianist

Sjå òg

Kjelder Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4

Kategori:kvinnenamn kategori:Førenamn av norrønt opphav