Reinert er eit mannsnamn, ei sideform av Reinhard, som kjem frå tysk Raginhart, samansett av 'råd, avgjerd' og 'hard'.

Reinert har i Noreg namnedag 12. januar.

Bruken av namnet i Noreg Namnet har vore noko bruka i Noreg, særleg på Sørvestlandet, men bruken av namnet har gått attende i løpet av 1900-talet.

I folketeljinga frå 1801 var det 97 som hadde namnet i formene reinert, rejnert, renert, rennert, reynert I 1900 var 818 listeførte med namnet reinert, reinhert, reinnert, reinært, rejnert, renert, rennert, reynert, med ei toppnotering i Vest-Agder fylke. I 2008 hadde 199 menn Reinert til første fornamn

Kjende personar med namnet

Reinert Tønnesson Bergsager (1785-1865), norsk stortingsmann Reinert Torgeirson (1884–1969), norsk diktar og omsetjar Reinert Eidshaug (f 1947), norsk politikar

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Bakgrunnsstoff

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:mannsnamn Kategori:førenamn av tysk opphav

en:Reinert