Herborg er eit kvinnenamn, av norrønt Herbjǫrg, samansett av 'hær' og 'berging, vern'. Eit nærskyld namn med same opphavet er Herbjørg.
Herborg har i Noreg namnedag 14. januar.
Bruken av namnet i Noreg
I folketeljinga frå 1801 var det 389 som hadde namnet i formene Herbor, Herborg,, 85 % av desse budde i Hordaland . I 1900 var 618 listeførte med namnet Herbaar, Herbaarg, Herbog, Herbor, Herborg , også då flest i Hordaland. I 2008 hadde 472 kvinner Herborg til første fornamn.
Kjende namneberarar Herborg Bryn (f. 1957), norsk journalist Herborg Kråkevik (f. 1973), norsk songar og skodespelar
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til strid Kategori:Namn knytte til vern