}} Nils Langhelle () var ein norsk politikar frå Bergen som representerte Arbeiderpartiet.

Frå 1949 var han var vald inn på Stortinget som representant frå Bergen, og møtte fast fram til han døydde i 1967. Langhelle hadde allereie frå 1945 til 1949 vore vararepresentant frå sitt distrikt - og knytt nære kontaktar til Einar Gerhardsen. I 1945 blei han arbeidsminister i den første regjeringa Gerhardsen. Frå 1946 blei han utnemnd som samferdsleminister, ein post han hadde fram til 1952 då han blei forsvarsminister. Mellom 1954 og 1955 var han handels- og skipsfartsminister.

Langhelle blei vald til visepresident i Stortinget i 1955, eit verv han også hadde mellom 1965 og 1967. Då Oscar Torp døydde i 1958, blei Langhelle stortingspresident. Det vervet hadde han fram til 1965. Nils Langhelle var òg medlem av Nobelkomiteen frå 1964 og fram til han døydde. Han var varaformann for komiteen i perioden 1965 til 1966 og formann frå 1967.

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske samferdsleministrar Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Torp Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Leiarar av Den Norske Nobelkomite Kategori:Norske konsentrasjonsleirfangar under andre verdskrigen Kategori:Folk frå Bergen