Stabben fyrstasjon er eit leifyr som ligg på holmen Stabben ved innseglinga til Florø i Kinn kommune i Vestland.

mini|venstre|Stabben fyr

Fyret vart sett i drift i 1867. Fyrbygningen er lafta og står på ein høg gråsteinsmur og har eit lågt taktårn. Tårnet vart bygd høgare i 1905 og det vart då sett inn eit 4. ordens linseapparat som framleis er i bruk. Fyrstasjonen består av sjølve fyrbygningen, eit naust og ein landing som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.

Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyrstasjonen i landet og bygningane dekkjer nesten heile holmen. På grunn av dette er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Kategori:Fyr i Kinn Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kulturminne i Kinn Kategori:Skipingar i 1867 Kategori:1867 i Noreg Kategori:Øyar i Kinn