Vikeholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme 800 meter sør for Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden
Fyret vart bygd i 1849, først som eit mellombels fiskefyr under sildefisket på vinterhalvåret. I 1875 vart det noverande fyret bygd som eit av dei første i landet i betong. Det vart avfolka og automatisert alt i 1908 og erstatta av ei fyrlykt. Ein periode etter dette vart den gamle fyrbygningen nytta som bustad, men vart etter kvart fråflytta og forfalle. I 1965 tok Skudenes Sjømannsforening over fyret, og sidan den gong har det vorte nytta som overnattingsstad.
Den nye fyrlykta står oppført som Vikaholmen hos Kystverket.
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Kjelder
Kategori:Fyr i Karmøy