Skudenes fyrstasjon er eit fyr som ligg ved innseglinga til Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden.

Fyret vart oppretta i 1799. Fyrstasjonen ligg i eit klippelandskap og områda mellom klippene ber preg av å ha vorte nytta som beitemark. Her ligg den tidlegare fyrbygningen i tre med grunnmur etter lyktehus på det søraustlege hjørnet. I tillegg finst bustad og uthus. Det er òg spor etter eit kolhus og anlegg frå den andre verdskrigen i området. Fyrstasjonen vart nedlagt i 1924, lyktehus rive og bygningane seld.

Fyrstasjonen ligg ytst på ein høg klippe i eit særprega landskap. Den høge alderen og at bygningane stor sett er som då dei vart bygd gjer at fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Karmøy Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Kulturminne i Karmøy