Vozje, òg kalla Tsjarondskoke (russisk Воже, Чарондское), er ein innsjø nord i Vologda oblast i Russland. Han har eit areal på 416 km². I snitt er han 2 meter djup og ned mot 4,5 meter på det djupaste. Vozje renn ut i Svid som renn vidare til Latsja, der Onega har kjelda si. Innsjøen ligg i eit slettelandskap og breidda er lågtliggande og myrlendt. Det renn om lag tjue elvar ut i Vozje, inkludet Vozjega og Modlona. Innsjøen frys til i oktober eller november og er isdekt fram til mai. Enkelte delar av han vert botnfryst.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Vozhe» frå , den 1. september 2008.
Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Vologda oblast