Jaltsjik (russisk Яльчик) er den største innsjøen i Mari El, og ligg i Marij Tsjodra nasjonalpark. Jaltsjik er viktig for turismen i regionen og fleire turistsenter ligg her. Han er lokalt kjend for det reine og varme vatnet.

Hydrologi Jaltsjik er eigentleg to innsjøar, Store og Vesle Jaltsjik, som er knytt saman av ein kanal som stundom vert tørr om sommaren. Vesle Jaltsjik ligg noko høgare enn Store Jaltsjik, men ein kan berre sjå straum i kanalen mellom dei under vårflaumen. Innsjøane har vokse gradvis på grunn av karstprosessar i området. Ei segn fortel at det låg ei eng der innsjøane i dag ligg, men at ho kollapsa slik at innsjøane vart danna. Den siste store kollapsen skjedde i 1914 og dette skapte ein tsunami-liknande flodbølgje. I botn er det to karstgrotter som er 1600 meter og 1200 meter lange.

Store Jaltsjik har ei kompleks form med mange viker, medan Vesle Jaltsjik har ei langstrekt form.

Vesle Jaltsjik har to små bekkar som renn ut i seg, medan Store Jaltsjik ikkje har nokon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yalchik Lake» frå , den 1. september 2008. oppgav desse kjeldene: Экология фитопланктона карстовых озёр Среднего Поволжья http://fromzd.narod.ru/yal.html

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Mari El