Seliger (russisk Селигер) er ein innsjø i Tver oblast og dei nordlegaste områda av Novgorod oblast i Russland. Han ligg nordvest i Valdajhøgdene og er ein del av nedslagsfeltet til Volga. Han ligg 205 meter over havet og har eit areal på 212 km². I snitt er han 5,8 m djup.

Seliger ligg i eit vakkert landskap med skogkledde åsar. Han er ein del av eit naturreservat og vert stundom kalla «den europeiske Bajkalsjøen» på grunn av det mangfaldige og unike dyre- og plantelivet, på same måte som Bajkalsjøen.

Ostasjkov er den einaste byen ved innsjøen og ein populær feriestad.

Øya Stolbnyj med Nilov kloster ligg i innsjøen.

Bakgrunnsstoff Turisme i området rundt Seliger Kart over Seliger

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Seliger» frå , den 31. august 2008.

Kategori:Novgorod oblast Kategori:Tver oblast Kategori:Innsjøar i Russland