Suavjärvi (russisk Суавъярви) er ein innsjø og eit nedslagskrater i Karelia i Russland, om lag 50 km nord for byen Medvezjiegorsk. Suavjärvi er om lag 3 km brei og ligg midt i krateret.
Krateret er 16 km i diameter og er estimert til å vere 2,4 milliardar år gammalt i grensa mellom arkeikum og proterozoikum. Det er derfor det eldste kjende nedslagskrateret på jorda. Det er ikkje mykje att av krateret, men ein har funne nokre sjokkbølgjeskapte kjenneteikn som store blokker av breksje.
Bakgrunnsstoff Nedslagsdatabase
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Suavjärvi crater» frå , den 31. august 2008.
Kategori:Krater i Russland Kategori:Kratersjøar Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Proterozoikum Kategori:Karelia