Bajdukov (russisk Остров Байдуков - Ostrov Bajdukov), tidlegare Langr eller Bolsjoj Langr, er ei øy sør i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg søraust for øya Tsjkalov, utanfor Stsjastjabukta nær nordvestsida av øya Sakhalin.

Bajdukov er 12 km lang og opp mot 3 km brei i nordvest.

Øya er eit av få område der nordstarik vert rekna som vanleg.

Administrativt høyrer øya til Khabarovsk kraj.

Historie Øya er kalla opp etter den sovjetiske piloten Georgij Bajdukov som var kopilot på Antonov ANT-25-flyet som 20. juli 1936 flaug frå Moskva og over Frans Josefs land, Severnaja Zemlja, Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Khabarovsk. Flyet landa 56 timar og 20 minutt seinare på øya Udd etter å ha reist 9374 km. Denne direkte flyturen vart kalla «Stalinruta» etter Josef Stalin.

Nærliggande øyar Beljakov (Ostrov Beljakova) ligg 11 km sør for Bajdukov. Ho er 0,7 km lang og om lag 500 meter brei. Den vesle øya vart kalla opp etter den sovjetiske løyntnanten Aleksander V. Beljakov som var navigatør på rekordflyturen til ANT-25.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baydukov Island» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Nordstarik Anatolij Kvotsjur Su-30 landar på Zjukovskij

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Khabarovsk kraj Bilete av pilotane ved flyet sitt på Udd

Kategori:Øyar i Russland Kategori:Okhotskhavet Kategori:Khabarovsk kraj