Belyj (russisk Белый остров eller Belyi ostrov) er ei relativt stor øy i Karahavet like utanfor Jamalhalvøya i Sibir i Russland.

Belyj dekkjer eit areal på 1810 km². Ho er dekt av tundra, men ein finn òg noko lågt kratt på øya. Mellom øya og fastlandet ligg Malyginasundet som er 8-10 km breitt og islagd det meste av året.

Øya høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug, som høyrer til den nordlege delen av Tjumen oblast.

Det ligg ein russisk forskingsstasjon heilt nordvest på Belyj.

Nærliggande øyar I den store bukta på austsida av Belyj ligg ei 10 km lang øy kalla Bezymjannij. Ostrov Tabango og Ostrov Tiubtsiango ligg 20 km sør for det søraustlege hjørnet av Belyj.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bely Island» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Vegetasjon på Belyj: Satellittbilete av den russiske forskingstasjonen:

Bakgrunnsstoff Bilete av polarstasjonen

Kategori:Tjumen oblast Kategori:Øyar i Russland Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Karahavet