Água de Pau er ein stratovulkan som ligg sentralt til på øya São Miguel i Asorane. Han hadde utbrot mellom 30 000 og 45 000 år sidan og har danna ein kaldera som er 7 km lang og 4 km brei. Ein indre kalder er 4 km lang og 2,5 km brei og vart danna for 15 000 år sidan. Den yngre, indre kalderaen er delvis fylt opp av ein kratersjø kalla Lagoa do Fogo. Fram til 5000 år sidan var det aktivitet i kalderaen og fleire lavadomar vart danna på nord- og vestsida.

Nokre av sinderkjeglene på sida har danna sirkelforma sprekksystem. Nokre av dei har vore aktive i historisk tid. Det siste kjende utbrotet var i 1564. Framleis er det varmekjelder på nordvestsida av vulkanen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Água de Pau (volcano)» frå , den 23. juni 2008. oppgav desse kjeldene:

Global Volcanism Program: Agua de Pau

Kategori:Stratovulkanar Kategori:Kalderaer Kategori:Kratersjøar Kategori:Subduksjonsvulkanar Kategori:Vulkanar i Portugal Kategori:Fjell i Portugal Kategori:Asorane