Hans Haga () var ein norsk bonde og agronom. Han var leiar i Norges Bondelag frå 1974 til 1980 og generalsekretær frå 1980 til 1988).
Haga var ferdig utdanna sivilagronom i 1951. Året etter blei han tilsett som fylkessekretær i Oppland Bondelag. Fram til han pensjonerte seg i 1992 var han tilsett eller tillitsvald i Norges Bondelag. Frå 1960 var han bonde på Henni i Nes kommune, samtidig som han hadde tillitsverv i Bondelaget og Norsk Landbrukssamvirke. Han blei vald inn i styret i Norges Bondelag i 1965, og var leir frå 1974 til 1980. Han var generalsekretær i Bondelaget frå 1980 til 1988, og var tilsett som spesialrådgjevar 1988–1992. Han fekk eit ettermæle som ein sterk leiar, særleg under landbruksforhandlingane på 1970-talet.
Hans Haga var far til Åslaug Haga, statsråd og partileiar for Senterpartiet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hans Haga» frå , den 3. februar 2026.
Kategori:Leiarar av Norges Bondelag Kategori:Norske agronomar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet