Gardunha eller Serra da Gardunha er ei fjellkjede sentralt i Portugal i regionen Centro. Han glir over i ei stor slette kalla Cova da Beira og ligg innanfor fjellkjeda Serra da Estrela. Då Kong Dinis regjerte på 1200- og 1300-talet var fjellkjeda dekt av vingardar, men kongen valde å rive dei opp og erstatte dei med kastanjer i staden for. På grunn av skogbrannar er store delar av desse skogane borte. Det høgaste punktet i fjellkjeda er Pirâmide på 1223 meter over havet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gardunha» frå , den 23. juni 2008.

Kategori:Fjell i Portugal