Storhertugdømet Posen (tysk Großherzogtum Posen; polsk Wielkie Księstwo Poznańskie) var ein sjølvstyrt provins i Kongedømet Preussen i det polske landområdet som vanlegvis vart kalla Stor-Polen mellom 1815 og 1848. Namnet vart uoffisielt nytta i ettertid om området, særleg av polakkane, men i dag brukar moderne historikarar å omtale forskjellige politiske einingar fram til 1918. Hovudstaden i storhertugdømet var Poznań (tysk: Posen). Storhertugdømet vart formelt erstatta av provinsen Posen i den prøyssiske grunnlova 5. desember 1848.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grand Duchy of Posen» frå , den 5. juni 2008.

Kategori:Polsk historie Kategori:Provinsar i Preussen