Stormfuglar, Procellariiformes, er ein biologisk orden av sjøfugl. Dei fire familiane som utgjer denne ordenen er albatrossar, eigentlege stormfuglar, oseansvaler og stormsvaler.

Det karakteristiske for alle stormfuglar er at dei lever det meste av livet på opent hav, pelagiske. Dei har ein kosmopolitisk distribusjon over alle verdshava, med det høgaste mangfaldet rundt New Zealand.

Stormfuglane er kolonirugarar, mange hekkar på øyar. Dei største artane byggjer reir på bakken, medan dei fleste mindre artar hekkar i naturlege hòler og sprekkar. Dei viser sterk revirtruskap, vil attende til kolonien dei vart fødd for å hekke sjølve over mange år. Stormfuglar er monogame og har langvarige parband som kan bli livslange.

Artane legg berre eitt egg for kvar freistnad på hekking, vanlegvis er det ei hekking pr. år jamvel om dei større albatrossane har hekking berre ein gong kvart anna år. Begge foreldra tar del i ruging og skaffar mat til ungane. Rugeperioden og tida fram til ungane er flygeføre er lang samanlikna med andre fuglar, men når ein unge er ute av reiret er han ikkje lenger avhengig av stønad og omsut frå foreldra.

Dei store stormfuglane er særs gode seglarar, dei flyg over store avstandar med få vengeslag. Dei små artane derimot, flyg med raske vengeslag.

Stormfuglar har lenge vore ei vektig matkjelde for mange menneske, og framleis vert det jakta på somme artar i nokre delar av verda. Dei har også vore gjenstand for ei rekkje kulturelle skildringar, spesielt av albatrossane sine ritual. Blant stormfuglane finn ein somme av dei mest trua fugleartane i verda, somme er utryddingstrua på grunn av introduserte rovdyr i hekkekoloniane, andre av marin ureining og av fiskeflåten. Vitskapsfolk, naturvernarar, fiskarar og styresmakter i verda arbeider for å motverke truslane, og desse tiltaka har ført til underteikning av Avtala om vern av albatrossar og petrellar, ein juridisk bindande internasjonal traktat frå 2001.

Biologi Utbreiing og rørsler Stormfuglar har ein kosmopolitisk distribusjon over alle verdshava, men på familienivå og slektnivå er det nokre klåre mønstre. Antarktispetrell, Thalassoica antarktis, flyg over 160 kilometer for å kome til havet frå sine mest fjerntliggande hekkekoloniar på Sørpolfastlandet, og arten havhest hekkar på nordaustspissen av Grønland, det mest nordlege landstykket på jorda. Stormfuglfamilien, Procellariidae, har den mest kosmopolitiske utbreiinga, men sjølv innanfor denne familien det er nokre hol i distribusjonen. «Eigentlege petrellar» Pterodroma, har generelt tropisk og temperert distribusjon, medan havhestar er for det meste polare med nokre tempererte artar. Fleirtalet av havhestar, saman med kvalfuglar, er avgrensa til den sørlege halvkula. Lirer har mest omfattande distribusjon innanfor stormfuglfamilien, sjølv om dei er fråverande som hekkefuglar frå Stillehavet nord for Japan.

Stormsvaler er nesten like utbreidde som fuglane i stormfuglfamilien, og fell inn i to ulike familiar, oseansvalefamilien, hovudsakleg på den sørlege halvkula, medan stormsvalefamilien finst særleg på den nordlege halvkula. I albatrossfamilien er fleirtalet av medlemmene avgrensa til den sørlege halvkula, og både beitar og hekkar i kjølige, tempererte område, sjølv om ei slekt, Phoebastria, lever over det nordlege Stillehavet. Familien er fråverande frå Nord-Atlanteren, sjølv om fossile rapportar viser at dei hekka der ein gong. Til slutt er dukkpetrellar avgrensa til den sørlege halvkula.

Dei ulike artane i denne ordenen har ei rekkje ulike migrasjonsstrategiar. Nokre artar gjer regelfaste transekvatoriale migrasjonar, som grålire som årleg trekkjer frå sine hekkeområder på New Zealand og i Chile til det nordlege Stillehavet utanfor Japan, Alaska og California, ein årleg rundtur på 64 000 kilometer, ein av dei lengste målte årlege migrasjonen av alle fuglar. Ei rekkje andre petrell-artar gjere transekvatoriale vandringer, medrekna oseanstormsvale og lordhowepetrell, men ingen albatrossar har trekkruter som kryssar ekvatorialbeltet fordi dei er avhengige av vind under flyging. Andre langdistanseflyttfuglar i ordenen inkluderer japanstormsvale som hekkar i det vestlege Stillehavet, og trekkjer til vestlege Indiahavet, og boninpetrellar som hekkar på Hawaii og migrerer til kysten av Japan utanom hekkesesongen.Seto, N. W. H., and D. O’Daniel. (1999). Bonin Petrel (Pterodroma hypoleuca). In The Birds of North America, No. 385 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA.

Morfologi mini|venstre|Kongealbatrossen er ein av dei største av stormfuglane Stormfuglar varierer i storleik frå dvergstormsvale på 20 gram og 32 centimeter i vengespenn, til vandrealbatross på opptil 11 kg og 3,6 meter i vengespenn. Alle stormfuglar har nasebora lagt inn i eit eller to røyr på det rette, djupt rifla nebbet som òg har nedbøygd spiss. Nebba er bygd opp av fleire hornplater. Vengene er lange og smale, føter har symjehud, og baktåa er underutvikla eller er ikkje-eksisterande. Fjørdrakta er farga området svart, kvitt og grått.

Ordenen har nokre samlande eigenskapar, og startar med den tubulær nasalpassasjen som blir brukt for luktesans.Lequette, B., Verheyden, C., Jowentin, P. (1989) "Olfaction in Subantarctic seabirds: Its phylogenetic and ecological significance" The Condor 91: 732-135. Denne evna til å lukte bidreg til å lokalisere ujamt distribuert byttedyr på havet og kan òg hjelpe til å lokalisere reiret innanfor hekkekolonien. Nebbstrukturen, med sju til ni ulike hornplater, er ein annan samlande funksjon, sjølv om det òg er skilnader på oppbygginga av nebbet innanfor ordenen. Petrellar har ei plate kalla Maxillaris unguis som dannar ein krok på nebbspissen. Dei mindre medlemmene av ordenen har ein kamliknande kjevekant, tilpassa for å beite på planktonisk føde. Til slutt produserer stormfuglar ei mageolje som dei lagrar i proventriculus. Denne olja kan brukast som ei kjelde for lagra energirik mat under lange flygeturar og nokre kan nytte olja som ein forsvarsmekanisme. Mageolja er produsert av er restar av fordøydd føde. Alle stormfuglar produserer olja, unntatt dukkpetrellar.

Stormfuglar har trong for å avsalte kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av den høge mengda havvatn dei absorberer i livet til havs. Alle fuglar har ein forstørra nasekjertel ved nebbrota, over auga. Denne kjertelen er inaktiv hos artar som ikkje krev avsalting, men alle stormfuglar gjer bruk av kjertelen. Forskarar er usikre på dei nøyaktige prosessane i kjertelen, men veit at i generelle termar så fjernar kjertelen salt og dannar ein 5 % saltoppløysing som dryp ut av nasen, eller som hos nokre artar, dei slyngjer ut væska.

mini | Ei fregattstormsvale rører seg over vassoverflata i ein serie av byksande sprang Dei fleste fuglane i albatrossfamilien og stormfuglfamilien brukar to teknikkar som minimerer energibruken under flyging, nemleg dynamisk glideflyging og utnytting av hang. Dynamisk glideflyging inneber gjentatte stigingar inn i vind og senking i vindretninga slik at dei vinn energi frå den vertikale vindgradienten. Hang er den stigande lufta på lesida av store bølgjer. I glideflukta får albatrossar og kjempepetrellar stønad frå skulderlåsen, eit senelag som låser vengen når han er fullt utstrekt, slik at vengen blir halden utstrekt utan bruk av muskelkraft. Blant sørlege stormsvaler, Oceanitinae, er det to unike flygemønstre, den eine er overflatetripping. Her flyttar dei over havflata medan føtene har kontakt med vassoverflata, dei kan halde seg stasjonære med raske flagrande vengeslag eller ved å bruke vinden til å forankre seg på plass.Withers, P.C (1979) Aerodynamics and Hydrodynamics of the ‘Hovering’ Flight of Wilson's Storm Petrel Journal of Experimental Biology 80: 83-91 Fregattstormsvala gjer bruk av ein unik variant av rørsle på havoverflata, ho held vengene urørleg og i ein vinkel mot vinden og skyv seg framover i ei rekkje byksande hopp.Erickson, J. (1955) "Flight behavior of the Procellariiformes" The Auk 72: 415-420

Dei fleste stormfuglar er ute av stand til å gå godt på land, og mange artar flyg inn og ut frå hekkekolonien berre om natta. Unntaka er dei store albatrossane, fleire «eigentleg petrellar», lirer og havhestar. Sistnemnde kan ufarleggjere sjølv store rovfuglar med sin fråstøytande mageolje, som dei kan kaste fram eit stykke mot åtakarar.

Hekkeåtferd

Hekkekoloniar mini | høgre | Brunlire, Puffinus nativitatis, er ein av dei tropiske stormfuglane som hekkar opent på overflata Alle stormfuglar er kolonihekkarar, hovudsakleg hekkar dei på øyar langt til havs. Dei få artane som hekkar på fastlandet gjer det i ugjestmilde miljø som i tørre ørkenar, på Sørpolfastlandet og i fjellsider på New Zealand. Storleiken av hekkekoloniane kan variere frå dei som krev store revir, som kjempepetrellar, til tette koloniar på opp til 3,36 millionar par (1995) av arten stormsvale.Parks and Natural Areas Division, Department of Environment and Conservation, December, 1995 Baccalieu Island Ecological Reserve, Management plan and regulations For nesten alle artar er forplantingstrongen for å hekke einaste årsaka til at stormfuglen landar på fast grunn i det heile. Nokre av dei større petrellane må hekke på vindutsette stader fordi dei krev vind for å ta av for å flyge ut å hente mat. Innanfor koloniane vil para vanlegvis forsvare private, små territorium, som anten er det vesle området rundt reiret eller ei reirhòle. Kjempepetrellane og nokre albatrossar kan ha svært store revir. Konkurransen mellom para kan vere intens, likeins konkurranse mellom artar, spesielt for hòler. Større artar petrellar kan drepe ungane til andre artar, og jamvel drepe dei vaksne av mindre artar i tvistar rugeplass i hòler.Medeiros R., Hothersall B. and Campos A. (2003) "The use of artificial breeding chambers as a conservation measure for cavity-nesting procellariiform seabirds: a case study of the Band-rumped Storm Petrel (Oceanodroma castro)" Biological Conservation 116(1): 73-80 http://dx.doi.org/10.1016/S0006-3207(03)00178-2 Hòler og naturlege sprekkar er mest brukt av dei mindre artane. Alle stormsvaler og dukkpetrellar er holerugarar, likeins mange andre artar i stormfuglfamilien. Havhestar og nokre av dei tropiske «eigentleg petrellar» og lirer er overflaterugarar, nett som alle albatrossar. Koloniar er ofte sett saman av fleire ulike artar av både petrellar og andre sjøfuglar.

Stormfuglane er mykje stadbundne, filopatriske, og syner «natal filopatri» ved at kvart individ har ein tendens til å kome tilbake for å hekke i same kolonien som fuglen vart fødd, ofte mange år etter at han forlét kolonien som ein nyleg flygedyktig ungfugl. Denne tendensen har blitt demonstrert med hjelp av ringmerking og ved mitokondrielle DNA studiar. I ringmerkingsforsøk vart ringmerka fuglar fanga nær reira der dei vart fødde, ein tendens som kan vere ekstrem hos nokre artar, til dømes var den gjennomsnittlege avstanden mellom klekkestaden og området der ein fugl etablert sitt eiget territorium 22 meter for laysanalbatross, og ein studie av poseidonlire (Calonectris diomedea) som hekka nær Korsika, fann at ni av 61 ungfuglar av hannkjønn som returnerte for å hekke i fødekolonien sin faktisk hekka i same hòla dei voks opp i.Rabouam, C., Thibault, J.-C., Bretagnolle, V., (1998) "Natal Philopatry and Close Inbreeding in Cory's Shearwater (Calonectris diomedea)" Auk 115(2): 483–486 Studiar av mitokondrie DNA gjev prov for avgrensa genflyt mellom ulike koloniar, noko som sterkt antyder filopatri.Ovenden, J.R., Wust-Saucy, A., Bywater, R., Brothers, N., White, R.W.G. (1991) " Genetic evidence for philopatry in a colonially nesting seabird. The Fairy Prion (Pachyptila turtur)" Auk 108: 688–694.