mini|Øvst: Det historiske bysenteret City of LondonI midten: Palace of WestminsterNedst: Tower Bridge og Tower of London Historia til London strekker seg to tusenår tilbake, til då romarane grunnla Londinium ved bekken Walbrook på nordsida av Themsen i år 43. Byen har sidan hatt ei rik historie, med mange forskjellige fasar. Sidan grunnlegginga har London vokse til å bli den storbyen den er i dag. Den har stått i sentrum for det britiske imperiet og den industrielle revolusjon. Den blei lagt i oske av bybrannen, bomba under Blitzen og ramma av pest. I moderne tid er London eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentera i verda.
Soge I følgje Historia Regum Britanniae av Geoffrey av Monmouth blei London grunnlagd av Brutus av Troja, etter at han sigra over Gog og Magog. Byen blei i følgje denne myta kalla Caer Troia, «Nye Troja». Dette blir i verket hevda å vere opphavet til namnet Trinovantum, som blei brukt av romarane om den tidlege busetjinga der. I røynda kom namnet frå trinovantane, stammen som budde der før romarane kom. Geoffrey ramsar opp fleire legendariske kongar, som Lud. Han skulle ha gjeve byen eit nytt namn, CaerLudein, som var opphav til det romerske namnet Londinium, og han skal ha blitt gravlagd ved Ludgate.
Forhistorisk tid I sistedelen av bronsealderen var området rundt Themsen prega av menneskeleg aktivitet, og elva var truleg ei grense mellom ulike stammeområde i jernalderen.Tim Allen, Gill Hey, David Miles, «A Line of Time: Approaches to Archaeology in the Upper and Middle Thames Valley, England» i World Archaeology, Vol. 29, No. 1, Riverine Archaeology, (Jun., 1997), pp. 114-129, side 115. Det er funne restar etter ei bronsealderbru frå rundt 1500 f.Kr. i det som no er Vauxhall i London, noko som kan tyda på ei større samling folk på ei øy i eller breidda av elva.«First `London Bridge' in River Thames at Vauxhall» i British Archaeology, no 46, July 1999, Channel4: On the banks of the Thames
Det er likevel ikkje funne andre spor etter ei større busetjing der London er no, trass i omfattande arkeologiske undersøkingar. Det blir rekna som usannsynleg at det var ein by på staden før romarane kom, sjølv om han i teorien kan ligge under dei uutforska delane av den romerske byen. I staden reknar ein med at londonområdet i forhistorisk tid var landsbygd med spreidde og små busetjingar. Enkelte av desse kan ha vore viktige som kult- eller styringsstader, noko funn som Batterseaskjoldet tydar på. Særleg Egham og Brentford blir rekna som stader som kan ha vore viktige, og ein veit også at det låg ei festning på ein ås ved Uppall.
Romersk tid
Romarane grunnla sin Londinium i år 43 på fast grunn i eit elles myrlendt terreng, i eit område som i dag tilsvarer City of London. Dette var ein stad dei kunne kryssa Themsen og slik nå områda nord for elva, samstundes som dei kunne segle skip opp frå havet.Liza Picard, Elizabeth's London (London: Weidenfeld and Nicholson, 2003), side xxi Namnet Londinium blir rekna å vere av førromersk og kanskje også førkeltisk opphav. Det er ikkje semje om kva det tyder, men det er store sjansar for at det har noko med elva å gjere. Namnet er til dømes forklart som Lyn-dun, 'festning ved sjøen'.Chiara Libero, London, Places and history, White Star Publisher, ISBN 88-8095-551-9
Byen blei raskt eit viktig handelssentrum. Eit prov for dette er at ein på 1980-talet fann spor etter eit stort portkompleks nær London Bridge, som stamma frå denne tida. I 61 blei byen plyndra av innfødde icenarar frå det som i dag er Norfolk, under leiing av dronninga Boadicea, men blei snart gjenreist under prokuratoren Gaius Suetonius Paulinus. Ved starten av 100-talet erstatta Londinium Colchester som hovudstad for provinsen Britannia. Folketalet hadde då nådd omkring 60 000. Romarane bygde ein basilika (ved det som i dag er Leadenhall Market), eit amfiteater (ved det som i dag er Guildhall), og ei bru nær det som i dag er London Bridge. I bymuren blei det bygd portar, og derfrå blei det laga vegar mot andre romerske byar som Camolodunum (Colchester) og Durovernum (Canterbury). Basilikaen blir rekna for å ha vore den største nord for Alpane.
Då 400-talet starta var det vestlege romerske imperiet i forfall, og i 410 enda den romerske okkupasjonen av Britannia. Det finst få arkeologiske prov frå Londinium i denne perioden, men ein veit at handelen braut saman. Dette førte til Londinium tok til å forfalle, blant anna ved at bygningar som tidlegare var sentrale innan handel og andre offentlege bygningar forfall. Innan år 500 hadde dei fleste innbyggarane flytta derifrå.
Angelsaksarar og vikingar mini|Kart over London rundt år 400. Etter at romarane trekte seg ut blei byen inntatt av angelsaksarane. Byen blir i oppføringa til Den angelsaksiske krønika for 456 eller 457 nemnd som eit styrkepunkt som britane flykta til etter å ha lidd nederlag i Kent.Manuskript A seier at «þa Brettas þa forleton Centlond mid micle ege flugon to Lundenbyrg.» i 457, Manuskript B seier «þa Bryttas þa forletan Kentland mid myclum ege flugan to Lundenbyrig.» i 456. Dette kan tyde på at det gjekk omkring eit halvt hundreår før angelsaksarane fekk kontroll over byen. Deretter blir han ikkje nemnd igjen i krønika før oppføringa for 604, då kong Ethelbert av Kent grunnla St. Paul-katedralen på den staden der kyrkja ligg dag og innsette den første biskopen av London.
Den tidlegaste angelsaksiske busetjinga unngjekk området umiddelbart rundt den romerske byen, og bestod i staden av mindre husklyngar i baklandet på begge sider av elva. Det finst ikkje samtidige kjelder for forholda i området, men busetjinga må ha lege på grensa mellom området til saksarane og dei keltiske britane. Frå midten av 500-talet blei londonområdet innlemma i riket til austsaksarane, som strekte seg til St. Albans og omfatta heile Middlesex og truleg også Surrey.
I 604 konverterte austsaksarane til kristendommen, og Mellitus blei den første biskopen i London. Essex var på det tidspunktet underlagd Aethelbert av Kent, og det var under han at den første St. Paul-katedralen blei reist. Den første katedralen var ein beskjeden bygning, og det er mogleg at den blei øydelagd allereie då Mellitus blei jaga frå byen av den heidenske etterfølgjaren Saebehrt av Essex.
Seinare på 600-talet blei det oppretta ein saksisk landsby og handelssenter med namnet Lundenwic, 'Londonbusetjinga', omkring halvannan kilometer vest for Londinium. Den nye byen kom under kontrollen til Mercia omkring 730. Etter 825 blei byen underlagd endå eit nytt rike, Wessex.
mini|Alfred den store fekk London under kontroll av angelsaksarane. På 800-talet blei England prega av vikingangrep, som blei stadig vanlegare frå omkring 830. London blei angripen i 839 og 851.Gunhild Riske, Turen går til London, Aschehoug, 2004, ISBN 82-03-22932-8 I 865 følgde ein stor vikinginvasjon av East Anglia, som nådde London i 871. Vikingane overvintra også i byen dette året.Peter Sawyer (ed.) The Oxford Illustrated History of the Vikings (Oxford: Oxford University Press, 1997) Det er uklart kva som skjedde i London i denne perioden, men det er mogleg at vikingane ein periode hadde kontrollen. I 878 klarte angelsaksarar under Alfred den store å beseire vikingane i slaget ved Edington, og vikingleiaren Guthrum måtte be om fred.Simon Keynes, "A Tale of Two Kings: Alfred the Great and Æthelred the Unready" i Transactions of the Royal Historical Society, Fifth Series, Vol. 36, (1986), pp. 195-217 London var dermed igjen under den fulle kontrollen til angelsaksarane. Dei begynte å setje i stand dei romerske murane og vollgravene for å verne om byen. Denne delen av byen fekk namnet Lundenburgh, 'Londonfestninga'. Sentrum i byen flytta seg tilbake til det romerske området, medan Lundenwic blei kjend som ealdwic, 'den gamle busetjinga', eit namn som har overlevd fram til i dag som Aldwych.
Alfred utnemnde svigersonen Aethelred av Mercia til guvernør for London, og oppretta fleire erobra område, burh (modern engelsk borough), her og elles i landet. London-brua blei truleg oppbygd på nytt på denne tida. Den sørlege enden av brua låg ved Suthringa Geworc, «[Festnings]verket til surreymennene», medan den nordlege låg ved bymuren. Frå denne tida av begynte det som i dag er City of London å utvikle si eiga særprega styreform.
Etter at Ethelred døydde kom London under kontrollen til kongane. Innan starten på 900-talet hadde byen blitt eit viktig kommersielt senter. Hovudstaden var fortsett Winchester, men London blei eit stadig viktigare politisk senter.«London» i Hutchinson UK Gazetteer, Helicon Publishing, March 2008
Under Ethelred den rådville begynte nye vikingangrep, leia av kongen i Danmark, Svein Tjugeskjegg. Då vikingane kringsette London i 994 tok dei ikkje byen, men fekk lausepengar. Ei rekke åtak følgde. I 1013 blei byen omleira, og Ethelred flykta frå landet. Svein døydde under kringsetjinga, men sonen hans, Knut, fortsette striden og tok til slutt London. Den angelsaksiske linja kom igjen til makta etter at Knut døydde, då sonen til Ethelred, Edvard Vedkjennaren, tok trona i 1042. Han stod for bygginga av Westminster Abbey og tok Westminster til hovudstad."London" i World Encyclopedia. Philip's, 2008. Oxford Reference Online. Oxford University Press.
Etter at Edvard døydde var det ingen klar arving, og fetteren hans Vilhelm av Normandie gjorde krav på trona. Det kongelege rådet kom saman i London og valde i staden svogeren til kongen, Harald Godwinsson, til konge. Han blei krona i Westminster Abbey. Som svar på dette leidde Vilhelm sin hær i ein invasjon av England.
Normannartida og seinmellomalderen
mini|White Tower er den eldste delen av Tower of London, slottet til Wilhelm Erobraren i London. Etter at Vilhelm hadde drepe Harald II i slaget ved Hastings marsjerte han mot London. Han brann ned Southwark, men stoppa så ved bymuren. I staden for å angripe venta han der ved Berkhamsted, nordvest for byen, til representantar for borgarane kom for å hylle han som konge. Det gjekk ikkje lang tid før han oppnådde dette. Vilhelm lønna dei i 1069 med å tildele byen eit kongeleg charter. Dette spesifiserte at London fekk ta vare på dei «gamle rettane og tollfridomen, så vel til lands som til vanns», dei gamle saksiske rettane. Retten City of London hadde hatt til sjølvstyre blei bekrefta av Johan då han tok trona i 1199, og i Magna Carta i 1215.
I 1078 starta bygginga av Tower of London, Baynard's Castle og Montfichet's Castle, tre festningar som skulle verne London mot angrep frå Themsen. Dei skulle samstundes også syte for at Vilhelm hadde garnisonar i byen som kunne slå ned mot opprør. I 1097 sette sonen til Vilhelm, Vilhelm Rufus, i gang bygginga av Westminster Hall, som blei kjernen i Westminsterpalasset og den viktigaste bustaden til kongen gjennom mellomalderen.
I 1179 starta bygginga av ei ny London Bridge, som stod ferdig i 1209. Den blei ståande i seks hundreår, og var fram til 1750 den einaste brua over Themsen innanfor bygrensene til London.
I mai 1216 skjedde den einaste okkupasjonen av London som blei gjennomført av ein styrke frå kontinentet. Dette skjedde under den første krigen til baronane. Den unge Ludvig VIII av Frankrike marsjerte gjennom gatene til St. Pauls katedral, og blei hylla som den nye herskaren i England, både i gatene og i katedralen. Dette var meint som ei frigjering av England frå tyranniet til Johan. Då Johan døydde skifta baronane raskt side, og Henrik III kom på trona. Med dette begynte også ein langvarig prosess kor London gradvis rista av seg den sterke franske påverknaden på kultur og språk som hadde kome med normannarane. London fekk, saman med Dover, ein sentral plass i utviklinga av tidleg moderne engelsk.