mini|høgre|Indo-europeisk ekspansjon 4000–1000 fvt., i fylgje Kurgan-hypotesen.
Urindoeuropeisk er eit hypotetisk urspråk som er felles opphav for dei indoeuropeiske språka. Dei føreslåtte eigenskapane ved språket er avleidde gjennom lingvistisk rekonstruksjon frå dokumenterte indoeuropeiske språk. Det finst ikkje nokon direkte dokumentasjon på språket. Det finst to hovudteoriar om kva tid det vart talt: Ifølge Kurganhypotesen oppstod det på 3000-talet f.Kr. i Sentral-Asia, men ifølge Anatoliahypotesen så tidleg som på 6000-talet f.Kr. i Anatolia. Samanlikna med dei fleste av verdas språkfamiliar har vi eit godt utgangspunkt for å rekonstruere urindoeuropeisk, i og med at vi for mange av språkgreinene som utgjer indoeuropeisk har fleire tusen år gamle kjelder (særleg gjeld dette hettitisk, indoiranske språk, gresk, latinsk og nordgermansk.
Klassiske teoriar Eksistensen til språket er generelt akseptert av dei fleste lingvistar, men det er stor debatt omkring mange av detaljane. Det er ikkje bevart nokre nedteikningar av språket, men ved hjelp av samanliknande analyse av lydutviklinga i forskjellige indoeuropeiske språk har ein rekonstruert mange røter. Desse er hypotetiske, og vert derfor alltid skrivne med ein asterisk (*) føre.
Oppdaging og rekonstruksjon
Historia til den indoeuropeiske språkforskinga
Studiet av den indoeuropeiske språkfamilien starta med William Jones sitt føredrag for The Asiatic Society i 1786, der han viste at sanskrit, gresk og latinsk var i slekt med kvarandre. På grunn av dette blir Jones ofte rekna som grunnleggjaren av historisk språkvitskap, men det er nok heller János Sajnovics med avhandlinga Demonstratio idioma ungarorum et lapponum idem esse frå 1770.
Naturleg nok fekk teorien om slektskapet mellom dei mest kjelde klassiske språka i Asia og Europa meir merksemd, og Jones sitt føredrag førde til stor interesse for indo-europeisk samanliknande lingvistikk, først med Franz Bopps Vergleichende Grammatik (1833) og August Schleichers Compendium. Karl Brugmanns Grundriss, utgjeve i 1880-åra markerer starten på bruken av junggrammatiske metodar i indoeuropeistikken, desse metodane er relevante den dag i dag. Ferdinand de Saussure sin laryngalteori førte indoeuropeistikken eit stort steg framover, dessverre levde Saussure ikkje sjølv til å sjå teoriane sine stadfesta.
Urindoeuropeisk slik det vart skildra tidleg på 1900-talet blir stort sett framleis akseptert; seinare arbeid har for det meste vore raffinering og systematisering, og inkludering av ny informasjon, særleg av dei anatoliske og tokariske greinene, som var ukjende på 1800-talet.
Saussure sin laryngalteori vart allment rettkjend først etter Jerzy Kuryłowicz' oppdaging av etterleivningar av desse hypotetiske fonema i anatolisk, i 1927. Julius Pokornys Indogermanisches Etymologisches Wörterbuch gav eit overblikk over den leksikalske kunnskapen som hadde vorte samla inntil byrjinga av 1900-talet, men unngjekk den samtidige utviklinga innanfor morfologi og fonologi, og oversåg stort sett anatolisk og tokarisk.
Generasjonen av indoeuropeistar som arbeidde i den siste tredelen av 1900-talet (som Calvert Watkins, Jochem Schindler og Helmut Rix) utvikla ei betre forståing av morfologien, og, etter Kuryłowicz' Apophonie (1956), av forståinga av avlyd. Frå 1960-talet av vart kunnskapen om anatolisk sikker nok til å kunne fastslå slektskapane til desse språka med urindoeuropeisk.
Tidfesting Det finst fleire konkurrerande hypotesar om når og kor urindoeuropeisk vart snakka. Det einaste ein veit sikkert er at språket må ha forgreina seg til innbyrdes ulike dotterspråk ved midten av 2000-talet f.Kr. Dei vanlegaste estimata for tidsrommet mellom urindoeuropeisk og dei første daterte tekstane (omkr. 1800-talet f.Kr, sjå Kültepe-tekstane) varierer frå omkring 1 500 til 2 500 år, med ytterleggåande forslag som divergerer opptil 100 % på kvar side.
2000-talet f.Kr (bortsett frå den anatoliske greina) i Armenia, i følgje Armeniahypotesen (framsett i samband med glottalteorien). 4000-talet f.Kr (3000-talet dersom ein ser bort frå den anatoliske greina) på steppene nord for Svartehavet og Kaspihavet, ifølgje Kurganhypotesen. 5000-talet f.Kr i India, i følgje Konraad Elsts teori. 6000-talet f. Kr i Anatolia (4000-talet på Balkan, viss ein ser bort frå den anatoliske greina), ifølgje Colin Renfrews Anatoliahypotese. 6000-talet f.Kr (5000-talet viss ein ser bort frå den anatoliske greina), ifølgje eit glottokronologisk studium frå 2003.Russell D. Gray og Quentin D. Atkinson, «Language-tree divergence timest support the Anatolian theory of Indo-European origin», Nature 426 (27. november 2003) 435-439 før 10 000 f.Kr, i følgje den paleolittiske kontinuitetsteorien.
Metode
Det finst ingen direkte spor etter urindoeuropeisk, fordi det aldri vart skrive ned. Alle urindoeuropeiske lydar og ord er rekonstruert frå seinare indoeuropeiske språk ved historisk-komparativ metode og metoden kalla indre rekonstruksjon. Ein asterisk blir brukt for å markere rekonstruerte urindoeuropeiske ord, slik som *wódr̥ 'vatn', *ḱwṓn 'hund' eller *tréyes 'tre' (hankjønn). Orda i dei moderne indoeuropeiske språka som går attende til urindoeuropeisk har alle endra seg frå forma dei opprinneleg hadde i urindoeuropeisk. Samanliknande språkforsking kviler på det faktum at sambandet mellom lyd (ordform) og meining som regel er tilfeldig, og at historiske lydendringar (kalla lydlovar) ofte er unntakslause (som dagens vilkårslause endring frå kj- til sj-lyd i moderne norsk (endringa er vilkårslaus fordi alle kj-ar blir til sj). I mange tilfelle er endringane likevel ikkje like regelmessige som denne, og endringane er heller ikkje alltid vilkårslaus. T.d. oppstod sjølve kj-lyden i norsk berre under visse vilkår: k gjekk over til å bli uttalt kj foran fremre vokalar, men ikkje elles (jf. å kome men eg kjem). Så finst det også andre kj-lydar i norsk, desse er lånord. Språkslektskap blir fastslått ikkje ved å vise at språk har like ord men at klassar av ord i ulike språk skil seg frå kvarandre på systematiske måtar. Til dømes er lyden ð etter vokal falle bort i moderne norsk (vi har li, ti frå norrönt líð og tíð). Når mange seier tid, men li og ikkje lid er det ikkje fordi lydlova "bortfall av postvokal ð" ikkje har virka, men fordi ordet tid har vorte lånt inn frå dansk. For å kunne vite kva ord som går attende til eit felles urspråk og dermed "bør" følgje lydlovane og kva ord som er lånt inn etter at lydlovane slutta å virke gjeld det å gå gjennom heile ordforrådet i kvart einskild språk i språkfamilien og skilje lånord frå heimlege ord. Sammanliknande språkforsking byggjer dermed på grundige ordbøker over alle språka i språkfamilien, slik at det blir mogleg å rekonstruere seg attende via alle mellomliggande urspråk attende så langt det er mogleg (gammalnorsk - urnordisk - urgermansk - urindoeuropeisk).
Sidan det urindoeuropeiske språket vart splitta, utvikla òg lydsystemet seg i ulike retningar. Utviklinga følgde ulike lydlover i dei ulike dotterspråka. Blant dei viktigaste er Grimms lov og Verners lov i urgermansk, tap av *p- føre vokal i urkeltisk, reduksjon av h til *s- føre vokal i urgresk, Brugmanns lov og Bartholomaes lov i urindoiransk, og Grassmanns lov både i urgresk og urindoiransk uavhengig av kvarandre.
Tilknyting til andre språkfamiliar
Det har vorte sett fram fleire teoriar om slektskap mellom indoeuropeisk og andre språk. Den mest omfattande av dei er Joseph Greenbergs hypotes om at indoeuropean, uralsk-jukagirsk, altaisk (tyrkisk, mongolsk og tungusisk), japansk-koreansk-ainu, giljakisk, tsjuktsji og eskimoisk-aleutisk alle høyrer til same språkfamilieGreenberg, Joseph: Indo-European and its closest relatives. Volume I (2000) Grammar, Volume II (2002) Lexicon.. Greenberg har presentert tilsvarande teoriar også for dei to andre store kontinenta (Afrika og Amerika). Det svake punktet i alle desse tre tilfella er at ingen har klart å rekonstruere eit felles urspråk, basert på regelmessige lydlege samsvar med ordforråda i dei ulike språkgreinene i familien, via urspråk for kvar språkgrein i familien. Greenberg har i staden sett dels på statistiske samsvar mellom ordforråd og grammatikk i dei moderne språka. Teoriane hans har dermed ikkje fått gjennomslag. Dette inneber ikkje at det ikkje vil vere mogleg å slå saman nokre av dagens sikre språkfamiliar. Men for å slå t.d. urindoeuropeisk saman med nokre nabospråk må vi ha familiar å slå dei saman med. I dag har vi verken vore i stand til å slå saman uralsk og jukagirsk eller til å slå saman tyrkisk, mongolsk og tungusisk til altaisk. Dermed manglar vi framleis dei to mest sannsynlege urspråka urindoeuropeisk eventuelt kunne ha vore i slekt med.
Fonologi Ein reknar med at urindoeuropeisk brukte desse fonema:
Konsonantar + Urindoeuropeiske konsonantar (tradisjonell transkripsjon)KonsonanterLabialarKoronalarPalatovelararVelararLabiovelararLaryngalarUstemte lukkelydar p t ḱ k kʷ Stemte lukkelydar b d ǵ g gʷ Aspirerte lukkelydar bʰ dʰ ǵʰ gʰ gʷʰ Nasalar m nFrikativar s h₁, h₂, h₃Likvidar, glidelydar w r, l j
Tabellen gjev den vanlegaste notasjonen i moderne utgjevingar. Varierande transkripsjonar blir gjeve under. Heva ʰ står for aspirasjon. Ifølgje glottalteorien var dei stemte lukkelydane i systemet over glottale, kanskje ejektiv, medan dei stemte, aspirerte lukkelydane moglegvis ikkje var stemt.
Urkeltisk, Urbaltoslavisk, albansk og uriransk slo den aspirerte serien bʰ, dʰ, ǵʰ, gʰ, gʷʰ saman med den reint stemte serien b, d, ǵ, g, gʷ. Urkeltisk slo likevel ikkje gʷʰ og gʷ saman til gʷ som dei andre. I staden vart den første gw, medan den andre vart b. Urgermansk gjekk gjennom Grimms lov, og forandra dei ustemte lukkelydane til frikativar, medan dei uaspirerte, stemte lukkelydane vart ustemte, og dei stemte aspirerte mista aspirasjonen. Grassmanns lov Tʰ-Tʰ > T-Tʰ, t.d. dʰi-dʰeh₁- > di-dʰeh₁-) og Bartholomaes lov (TʰT > TTʰ, t.d. bodʰ-to- > bod-dʰo-) skildrar oppførselen til dei aspirerte lukkelydane under spesielle tilhøve i nokre av dei tidlege dotterspråka.
Labialar Labialane p, b, bʰ blir skrivne som gruppe med symbolet P. Fonemet b var særs sjeldan fonem; dette er eitt av argumenta til fordel for glottalteorien, sidan det synest som om språk som har ejektive lukkelydar oftast ikkje har ein ejektiv labial lukkelyd p'.
Koronalar/dentalar Den vanlege rekonstruksjonen identifiserer tre koronale/dentale lukkelydar: t, d, dʰ. Dei blir skrivne som gruppe med symbolet T.
Einskilde konkluderer med at konsonantsamansetjingar av forma TK ville undergå metatese i urspråket, med Kþ som resultat; samanlikne hetittisk dagan 'jord' med gresk khthōn 'jord', frå ǵʰðōm, frå tidlegare *dʰǵʰoms; hettittisk hartagas 'uhyre', gresk arktos 'bjørn' frå hrkþosar, frå tidlegare h₂r̥tg̑osar. Begge fekk metatese, og former utan metatese overlever i ulike avlydsgrader av rota dʰégʷʰ 'brenne' (i slekt med dagaz 'dag' i sanskrit, dáhati 'blir brunne' < dʰégʷʰ-e- og kṣā́yat 'brenn' < dʰgʷʰ-éh1-).
Dorsalar
Frikativar
Nasalar og likvidar
Halvvokalar
Vokalar
Morfologi Røter