mini|Møsvatnet vert drenert via elva Måna gjennom Vestfjorddalen og Rjukan ned til Tinnsjå|left Møsvatn er ein innsjø som i hovudsak ligg i Vinje kommune i Telemark. Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Langs breidda er det funne ei mengde spor frå steinalderen, og her finst òg nokre av dei høgastliggande fjellgardane i Noreg.

Innsjøen er ei viktig ferdselsåre for fastbuande og turistar. Han vert trafikkert av rutebåt om sommaren og snøscooter om vinteren. Møsvatn vart regulert i åra frå 1903. Olav Heggstad leia arbeidet med denne reguleringa.

Møsvatn er demd opp av Møsvassdammen og Torvehovdammen og er hovudmagasin for Frøystul kraftverk. Innsjøen er den tredje største i Noreg med ein kapasitet på 1066 millionar m³. Dette utgjer heile 68% av totalt vatnvolum.

Sjå òg Møsstrond

Bakgrunnsstoff Bilete på artific.org

Kategori:Innsjøar i Vinje Kategori:Innsjøar i Tinn Kategori:Hardangervidda Kategori:Reservoar i Telemark Kategori:Skiensvassdraget